Dei slit enno med angst, Britt og Harald Hasund på Hareid.

- Eg fekk sjokk då politiet storma huset vårt, seier Britt Hasund.

- Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleve noko slikt, det kjendst nedverdigande, kommenterer Britt Hasund (71).

Sanninga er at Britt har opplevd mykje frå før: I 1998 miste ekteparet brått og uventa det einaste barnet sitt. Og for fem år sidan fall Harald Hasund (73) ned frå eit tre under saging. Fallet førde til ein alvorleg hovudskade.

Førre onsdag starta som ein grei dag. Onsdagane er Britt sin «fridag». Formiddagen brukte ho til ein Ålesund-tur, og då Harald kom heim frå dagsenteret var det husvennen Bjørg Barmen som var i heimen. Dei fekk besøk av naboen Synnøve Hareide. Veret var fint og dei to kvinnene vart sitjande på verandaen og prate, også etter at Harald trekte seg inn i huset.

Klokka 14.15 kom Britt heim frå byturen, og ikkje lenge etter for dei to kvinnene kvar til sitt. Dermed var Britt og Harald åleine i huset då uhyggen starta.

- For fulle sirener

- Klokka 15.50 kom ein stor politibil for fulle sirener og blålys  susande inn i tunet. Bilen stoppa, og ut kom tre uniformerte politi, to menn og ei kvinne. Harald sat då i ein lenestol og las avis.  Eg fekk heilt angst, og min første tanke var at no skulle vi oppleve noko liknande som det Anders Behring Breivik gjorde. Eg fekk meg ikkje til å tru at det var skikkeleg politi som kom på dørene, fortel Britt.

- Melde for husbråk

Ekteparet har ein 8,5 år gammal King charles cavalier som går på hjartemedisin. Ifølgje Britt begynte den eine politibetjenten å brøle at hunden skulle fjernast. Deretter fekk ekteparet vite at dei var melde for husbråk, og politiet skulle ha både fødselsdag og nummer på begge to.

- Det var spesielt den eine politimannen som var aktiv. Eg svara han at her kunne umogleg ha vore noko husbråk, og eg sa at han måtte be om unnskyldning. Då svara han «ein ting kan du vere sikker på, du får ikkje noko unnskyldning frå oss». Britt kallar opplevinga for grusom. Medan ektemannen sat og skalv, ringde ho naudnummeret 112 for å få vite om det verkeleg var politi som hadde kome på dørene, og fekk stadfesta dette. Blodtrykket hennar vart litt seinare målt til 200/110.

Ingen har høyrt bråk

I ettertid har Britt kontakta Hareid og Ulstein lensmannskontor og meldt saka, og ein kvinneleg politi har vore på heimebesøk hos dei. Ho kunne fortelje at dei ikkje har melde for husbråk, men at det klokka 15,24 førre onsdag var ringt inn ei bekymringmelding om husbråk like ved Hareid legesente/Teigen 6, som er husnummeret til Britt og Harald. Ingen av naboane har høyrt bråk, og det er truleg snakk om ei falsk melding.

- Eit sjokk

- Hendinga var eit sjokk. Både Harald, eg og «Reika» slit enno med denne oppleving, fortel Britt Brandal Hasund.

Etter kvart som episoden har blitt kjend har det strøymt på med blomstrar til ekteparet. Folk frå både Hareid og andre kantar av landet har sendt blomster i sympati.

Britt har også fått høyre at grunnen til at politiet kom med blålys og sirener, var at det hadde vore innbrot i huset deira, og at Britt måtte sendast på sjukehus.

- Eg er ikkje sendt på sjukehus, og her har ikkje vore noko innbrot. Den einaste som har kome brytande inn her er politiet, legg ho til.

Lensmannen kan ikkje kommentere

Lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid svarer Vikebladet Vestposten at han ikkje kan kommentere saka til Britt og Harald Hasund. Han grunngir dette med at sidan Britt Hasund har klaga saka inn, og det blir ei straffesak, så er det andre enn lensmannen i Ulstein og Hareid som skal handsame saka.

Kulø vedgår at han har snakka med Britt Hasund i ettertid, og at han har fått høyrt hennar versjon av opplevinga.

- Men du har vel også snakka med politiet som rykte ut?

- Nei. Eg har ikkje konfrontert dei med saka. Etterforsking er etterforsking, og blir det sak så er det Spesialeininga for politisaker som skal etterforske, ikkje eg, svarer Kulø.

"Reika" byrja å misse hår etter at politiet kom på vitjing. Veterinæren som undersøkte henne skriv at hunden truleg misser hår på grunn av stress etter politibesøket. No har han fått beroligande medisin.