Ein ung mann frå vårt distrikt er i Sunnmøre tingrett dømd til 30 timars samfunnsstraff, med ei gjennomføringstid på 120 dagar, subsidiært fengsel i 18 dagar.

Dette fordi han i perioden november 2011 til  til ut i mars 2012 leverte inn meldekort til Meldekortsentralen, der han ikkje førde opp timar som var faktisk arbeid ved ein arbeidsplass.

Opplysningane på meldekortet danna grunnlag for automatisk utrekning og urettmessig utbetaling på tilsaman 73.758 kroner i dagpengar.

Retten meiner mannen ved å bevisst ikkje føre opp lønna si, har avgitt ei falsk forklaring.

Av allmennpreventive grunnar skal det reagerast strengt på trygdemisbruk. I formildande retning legg retten vekt på at mannen kom ei ei full tilståing.

Men på bakgrunn av storleiken på beløpet har retten kome til at mannen skal dømmast til samfunnsstraff, slik påtalemakta hadde kome med forslag om.