I går, måndag, var LOs sommarpatrulje i Hellesylt, Fosnavåg, Ulstein, Ørsta og Volda.

Dei besøkte 65 bedrifter. Av dei bedriftene var det 15 prosent som braut lovverket. I tillegg var det nokre tariffbrot der arbeidstakarar får dårlegare løn enn det tariffen seier i ei bedrift som er bundne av ein avtale mellom arbeidstakarorganisasjonen innan for LO og arbeidsgjevarorganisasjonane.

Får for lite betalt for overtid

Fleire ungdomar og andre sesongarbeidarar jobbar overtid og fekk ikkje skikkeleg godtgjersle for det. Fleire lærlingar i tariffbedrifter fekk 50 prosent overtidsbetaling berre på sjølve lærlingløna. Lærlingløna er gjerne rundt 50 kroner i timen. Men når lærlingar jobbar overtid skal dei ha betalt etter ufaglært løn i bedrifta, då ein lærling ikkje blir sett på som ein lærling når han/ho jobbar overtid.

Det er difor viktig å ha både lærekontrakt og arbeidskontrakt som lærling for å avtale båe forholda frå starten av, då mange lærlingar gjerne jobbar litt ekstra for å tene nokre ekstra kroner, påpeiker LO.

Jobbar aleine

Sommarpatruljen møtte også på ungdomar som jobba aleine i ei bedrift og ikkje får høve til pause. Det å få høve til å kunne gå på do er ein alvorleg og viktig rett mange ungdomar bør få betre tilrettelagt, meiner sommarpatrulje.

Unge arbeidstakarar (dei under 18 år) har krav på ein halvtimes pause etter dei har jobba 4,5 time. Dette er det ikkje alle arbeidsgjevarar som veit.

Sosial dumping

Fagforeiningane har jobba mykje mot sosial dumping av reinhaldarar. Måndag møtte sommarpatruljen på ein tilsett i ei bedrift innan turistnæringa på Hellesylt som hadde ei kontrakt som inneheldt ein løn langt under det den allmenngjorte tariffavtalen for reinhaldarar seier. LOs Sommarpatrulje vil ta ein dialog med leiinga i bedrifta om dette.