Terje Syversen er pensjonert brannmann (66) frå Svelvik. Mor hans arva ei hytte litt nord for Namsos ein gong på 1960-talet, og sidan har Syversen hatt ein draum om å ro frå Svelvik til Namsos.

No er han midt i draumen. Turen starta frå Svelvik 18. mai, og med spesialkonstruerte årar.

Årane har han kalla «Syveråra», fordi det er han sjølv som har konstruert dei. Årane gjer at han kan sitje framover i båten.

- Eg hadde ikkje klart å ro ein så lang distanse med vanlege årar. Med «Syveråra» slepp eg å sjå naturen i fortid. Eg får inntrykka imot meg, ikkje frå meg, forklarer han.

Bilslep

Robåten er av typen SUVI 495 og 12 16 fot lang.

Om bord har han alt han treng, og når natta kjem dreg han ein presenning over båten, og sovnar godt inn til duvande bølgjer.

Men Terje Syversen understrekar at han ikkje ro heile strekket frå Svelvik til Namsos. Det hender han må få bilslep. Det skjedde blant anna fredag i førre veke.

- Eg starta frå Rovde klokka 06.45, og planen var å ro inn i Vartdalsfjorden og vidare til Hareid og Brandal. Men då eg kom til Eiksund var vinden så sterk i Vartdalsfjorden at eg tok ikkje sjansen, fortel han.

Syversen rodde i staden til Ulsteinvik, der han gjekk på land og oppsøkte folk på Ulstein rådhus, for å finne ut om det var nokon som kunne frakte mann og robåt til Brandal.

Det ordna seg, og ut på kvelden kunne han sjøsette «Gerd Synnøve» i Brandal hamn. Men noko med teknikken hadde svikta på ein «Syveråra» og roaren måtte på land for å finne folk som kunne hjelpe til med å sveise saman igjen. Også det gjekk bra. Bjørn Kjellevold fiksa åra.

Etter ei natt i Brandal rodde han vidare til Ålesund.

Mange idyllar

Han reknar med å vere framme i Namsos i slutten av juli.

- Eg kan ikkje trekkje fram ein stad som er spesielt vakker, for eg ser så mange idyllar. Og folk er hyggelege, same kvar dei er frå. Den største skilnaden på folk er dialekten.