Etter å ha bestemt seg for å leggje ut på dette eventyret i fjor haust, har Ronny Nipen og Kjell Arve Østrem trena seg opp til å klare denne lange sykkelturen.

Med start ved rådhuset i Oslo, skal dei 52 syklistane som er påmelde til dette rittet setje kurs mot Paris.

Turen er planlagt å vare i ni dagar, noko som betyr at dei vil ha eit gjennomsnittleg tempo på 20 mil kvar dag.

- Ikkje eit race

Sjølv om Nilsen og Østrem har om lag 250 mil i beina sidan nyttår, har det ikkje vore eit slit med å trene seg opp til rittet.

- Det har vore jamt kvar veke og så litt lengre turar i helgene. Og så har vi også hatt eit par samlingar i Larvik saman med resten av gjengen som vi skal sykle til Paris saman med. Så sann kjempetøft har det ikkje vore, seier Nipen.

Og sjølv om det er eit sykkelritt, er ikkje slik som i Tour de France at det er første mann i mål som gjeld.

- Vi skal ikkje ha ein racertur, vi skal ha med oss alle 52 heile vegen. Dette er arrangøranve veldig bevisste på. Er det nokre dagar at nokon har det vanskelegare, så vert dei tekne vare på. Så fokuset er at alle skal trygt fram til Paris. Alle er vinnarar, forkalrar Østrem.

- Så dette er ikkje eit race. Det er ein tur i godt tempo og for å få ei oppleving, legg Nipen til.

Tour de France-oppleving

Syklistane kjem fram til Paris to dagar før rytterane i Tour de France skal sykle inn på Champs-Élysées.

Det er ei oppleving dei to sykkelentusiastane seint vil gløyme.

- Ja, det er no litt Tour de France-stemning. Vi kjem jo til Paris to dagar før syklistane i Tour de France-rittet og får føle litt på stemninga der. I tillegg får vi jo oppladninga ved å sykle ned dit sjølv. Det blir jo litt spesielt, seier ein oppglødd Nipen.

Og ikkje minst blir sjølve turen til Paris ei minnerik erfaring.

- Det er ei unik mulegheit når vi sit på sykkelsetet og tek inn sansar og inntrykk langs vegen, vektlegg Østrem.