Laurdags morgon gjennomførte ei politipatrulje promillekontrollar i ulike delar av Ulstein kommune.

Til saman vart 70 bilførarar kontrollerte. Berre éin person fikk utslag på alko-meteret, men målinga var såpass låg at det ikke var straffbart.

Politiet kjem derfor med ei oppmoding til alle bilførarar som har nytt alkohol kvelden før dei skal ut i trafikken.

- Ver sikker før du køyrer ”dagen derpå”, seier Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt.