Nokon er på Flø for fyrste gong medan andre har gjort det til ein vane å reise hit ein gong for året. Like ved sjøen har Marjorie Nicholls og Raphael Versteijlen frå Belgia parkert campingvogna si. Sitjande på kvar sin campingstol speidar ekteparet utover sjøen, der båtane og eit fly susar forbi.

– Her har vi det fantastisk bra, seier Marjorie og kikar bort på mannen.

– Ja, Flø har ein heilt spesiell plass i hjarta våre, seier Raphael.

I år er det 17. gongen paret er på Flø Feriesenter.

– Før reiste vi rundt omkring i Europa, men då vi kom til Flø hadde vi funne våre plass. Sidan har vi vore her kvart einaste år. Her kan vi fiske, nyte naturen, og så får vi så god hjelp frå dei som driv feriesenteret, seier Raphael og vinkar til altmoglegmann Lennart Wallin som går forbi campingvogna.

Ekteparet har faktisk vore i Vikebladet Vestposten før, i avisa som kom ut tysdag 1. august 2000. Den gongen handla det om fiskelukka til Raphael, som fanga ein torsk på heile 16,4 kilo. Den gav han til sjukeheimen i Ulsteinvik, som garantert preparerte eit gjevt fiskemåltid av gåva frå belgiaren.

Altmoglegmannen Lennart

Altmoglegmann Lennart Wallin tek i mot underteikna med nytrakta kaffi og sjokoladekjeks. Det er ingenting som blir gjort halvvegs ved Flø Feriesenter. Lennart viser fram hytteboka, der gjestene kan skrive om sine opplevingar under opphaldet på Flø, og kva dei synast om feriesenteret.

Han blar om til siste side. Der har Lisbet og Tore frå Fredrikstad teikna ei trill rund sol og skrive si personlege helsing. Ei helsing med rosande omtale av servicen og området.

– Vi får mange gode tilbakemeldingar frå dei som legg sommarferien sin hit til oss på Flø. Eg føler meg privilegert som får jobbe med dette, seier Lennart.

Lennart, opphavleg frå Söderhamn nesten 30 mil nord for Stockholm, skulle berre jobbe i Ulsteinvik i tre veker, men enda opp med å busetje seg på Flø i staden. No har han budd på Flø i 21 år. Nokre år etter at han kom til den elles så vêrharde bygda, kjøpte han seg inn i Flø Feriesenter. No er han ein av åtte som eig og driv Ulstein sitt einaste innslag på campingfronten.

– Vi er åtte personar som kvar og ein gjer ein god jobb for at dette området kan vere til glede for turistar som ferierer på Søre Sunnmøre, seier Lennart.

Høgsesong og knallvêr

Det er ikkje til å stikke under ein campingstol at det flotte vêret som har varma opp Sunnmøre den siste tida gir større trykk inn i mot feriedestinasjonane. Høgsesongen på Flø er mellom mai og august, slik som dei fleste andre stader i Noreg. På Flø har vêret vore merkverdig, spesielt den siste veka. Vindstille og sydentemperaturar er god butikk for Flø Feriesenter.

– Ja, det har vore mykje folk innom, spesielt i starten av veka og helga som var. Det kan bli litt færre innimellom, men på ein knapp time kan campingplassen vere heilt fylt opp igjen, seier Lennart Wallin.

Ved Flø Feriesenter er det 8 hytter i ulike storleikar, 30 plassar til bubilar og campingvogner, og ei rekkje aktivitetar for store og små.

– Det er veldig populært å leige båt, for å ta ein tur på sjøen for å fiske eller berre for å køyre seg ein tur. Difor har vi fleire båtar til leige ved vår eiga brygge, fortel Lennart.

Vikebladet Vestposten møtte også på dei 11 år gamle tyske krabbesfiskarane Tim og Timo, padleinteresserte Kjell Mjøs frå Osterøy og ein ferierande Datarock-vokalist.

– Her kjem folk frå heile verda, og kvar og ein har sin unike personlegdom. Det er dette eg elskar med campinglivet. Folk kjem saman og har det bra saman. Eg angrar absolutt ikkje på at eg valde å busetje meg på Flø og at eg kjøpte meg inn i dette, seier Lennart Wallin avslutningsvis.