Politiet si tryggingsteneste (PST) har torsdag gått ut med informasjon om ein mogeleg terrortrussel mot Norge. PST skriv i ei pressemelding at dei nyleg har teke imot informasjon om at personar med tilknyting til ei ekstrem islamistisk gruppe i Syria kan ha til hensikt å gjennomføre ei terrorhandling i Norge.

Les pressemeldinga frå PST på engelsk.

PST formidlar at dette er ein type informasjon ein tek imot og som ofte viser seg å ikkje stemme etter innleiande undersøkingar, men at denne gongen har undersøkingane styrka truverda til informasjonen.

PST kan ikkje på noverande tidspunkt seie noko om kven, korleis, kva mål eller metode eit eventuelt angrep vil vere planlagt gjennomført.

Ifølgje PST arbeider dei no saman med Etteretningstenesta for å vidare verifisere informasjonen ein sit på. Politidirektoratet vil kome nærare inn på kva tiltak politiet vil setje i verk.

Truverdig, men uspesifikk

Frå PST si side vert det sagt at det alltid vil vere ei vanskeleg vurdering om ein vil gå ut med denne typen informasjon, men at dei gjer det i dette tilfellet fordi ein meiner det kan vere på med på førebygge og verke avskrekkande.

– I og med at informasjonen er uspesifikk og lite konkret, men samstundes truverdig, vil det vere vanskeleg å gje råd til borgarane i landet om korleis dei skal forholde seg til dette. Eg meiner likevel det er rett å orientere om situasjonen og samtidig forsikre om at PST i samarbeid med Etterretningstenesten, Justisdepartementet og Politidirektoratet, samt våre andre nasjonale og internasjonale partnarar, gjer det vi kan for å avklare om trusselen er reell eller ikkje – slik at vi kan førebyggje den, skriv PST i pressemeldinga.

Ber publikum vere årvakne

Sunnmøre politidistrikt har i ei pressemelding gjort det klart at det vert sett i verk ei rekkje tiltak.

– Eitt av desse er høgare beredskap i samband med grensekontroll knytt til flyplass med internasjonale flygingar og cruisebåttrafikk. Ut over dette kan vi ikkje gå nærare inn på detaljane i kva tiltak som vert sett i verk, seier Ingar Bøen, fungerande politimeister i Sunnmøre politidistrikt.

– Vi ber publikum om å vere meir årvakne, utan at det skal påverke dagleglivet vårt, seier Bøen.

Grenseovergangar, flyplassar og togstasjonar vil verte overvaka av væpna politi i tida som kjem.

Under ein pressekonferanse tidlegare i dag informerte PST-sjef Benedicte Bjørnland, Justis- og beredskapsminister Anundsen og fungerande politidirektør Vidar Refvik om trusselbiletet.

Ifølgje Benedicte Bjørland er PST sin informasjon at ein eventuell aksjon truleg vil verte gjennomført i løpet av ei avgrensa tidsperiode, og at dersom noko skulle skje så er det mest truleg innanfor eit tidsrom på om lag ei veke.

– Informasjonen vi har teke imot er at det dreier seg om ei tidsavgrensa periode der dette kan skje. Om det er fem eller ti dagar er utydeleg for oss, men det vil ikkje vare fram til jul, seier PST-sjefen.

I tillegg til at publikum vert bedne om å vere på vakt, vert ein også åtvara mot å fordømme einskilde samfunnsgrupper.

Tall Ships vart varsla

NRK melder på sine nettsider at Tall Ship Races i Bergen vart varsla om trusselen i natt. Ifølgje NRK er det venta at så mange som 500.000 personar er venta til Bergen under arrangmentet i helga.

– Eg er informert og har ein god dialog med politiet. Tall Ship Races vil gå som planlagt, men det vil vere ekstra mykje politi i gatene, seier prosjektleiar Håkon Vatle til NRK.

Søndag startar også verdas største fotballturnering, Norway Cup, i Oslo. Til VG seier Frode Kyvåg at det ikkje er aktuelt å heve beredskapen deira på noværande tidspunkt. Kyvåg fortel til avisa at dei ikkje vil gjere noko ekstraordinært, men har eit utmerka samarbeid med politiet og at arrangøren vil forholde seg til dei.

Vikebladet Vestposten vil følgje utviklinga i denne saka og oppdatere med meir informasjon så snart den ligg føre.