Også i 2012 hadde verksemda, som i 2005 slutta med slakteridrift, om lag 15 millionar kroner i driftsinntekter. Men i år som i fjor tek ikkje eigaren ut noko i utbytte. Det var Nett.no som først omtalte denne saka.

I tillegg til det gode resultatet frå både 2012 og 2013, har selskapet ein eigenkapital på rundt 15 millionar kroner og berre 3,4 millionar kroner i gjeld. Med ein solid buffer i banken har Brudevoll Kjøtt små problem med å takle bygginga av to nye kjølerom til ein prislapp på 800.000 kroner.

Brudevoll-måren er kanskje det mest kjente produktet, og no har dei store kjedebutikkane verkeleg fått sansen for produktet. Mykje fordi kundane spør etter pølsene.

- Det har gjort at kjedene kjem til oss og spør etter Brudevollmår, seier Brudevoll til Nett.no.