– Det at landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) har sagt at det vil bli fleire endringar i tilskotsforvaltninga har nok gjort mange bønder litt usikre. Usikre på kva framtida vil bringe, rett og slett, seier Anne Kathrine Løberg, landbrukssjef ved Søre Sunnmøre Landbrukskontor.

Større endringar enn på lenge

Oddvar Gjerde, kollega av Løberg og rådgjevar innanfor landbruk, meiner endringane ein vil sjå framover vil vere dei største sidan starten på 2000-talet.

– Ein av endringane er at ein fjernar omsetningskravet. Tidlegare måtte ein minimum ha næringsrelatert omsetning for 20.000 kroner dei siste 12 månadene for å kunne søkje. Det med eit botnfrådrag på 3.000 kroner. No er omsetningskravet tatt vekk som sagt, i tillegg til at botnfrådraget er dobla, seier Gjerde og legg til:

– Det vil kanskje føre til at fleire av dei som i dag driv som hobbybønder vil vurdere å søkje produksjonstilskot. Difor vil vi kanskje sjå eit høgare tal i år.

Stor nedgang i landbruket

Ei anna endring er at det ikkje lenger vil vere så stor skilnad på tilskot i forhold til kor mykje areal ein rår over.

– Det er ikkje lenger så stor forskjell på om ein har lite eller mykje areal. Tidlegare var det distriktsprofilar, med ulike takstar i forhold til kvar i landet ein dreiv, men dei er ikkje så ulike lenger. Det har også blitt meir like nivå på takstane når det for eksempel gjeld om ein har sauer som går ute heile året eller om dei står inne, fortel landbrukssjef Anne Kathrine Løberg.

Det er ingen tvil om at utfordringane står i kø for norsk landbruk i åra framover. Også i Møre og Romsdal ser ein stadig fleire bønder som vel å legge ned drifta og heller leiger ut jorda si.

I Møre og Romsdal er det per no berre 4,5 prosent av totalarealet som er dyrka. I Hareid kommune var det mellom 2003 og 2013 ei halvering av dei som søkte om produksjonstilskot, medan det i Ulstein var ein nedgong på 19 prosent.

– Vi er spente på korleis dei nye endringane vil slå ut, men no håpar vi på stabilitet i åra framover, seier Løberg til slutt.