Ein høyrer ofte om ungdomsbedrifter som har meir eller mindre suksess. Men dette er inga ungdomsbedrift. Olav Standal Tangen frå Volda, og ørstingane Simon Dagfinrud og Stephan Ervik, skal alle tre til på tredje året på medielina ved Volda vidaregåande skule. Samstundes har dei starta sitt eige selskap, Cape Branding.

– Tanken er å fyrst jobbe oss gjennom tredje året på medielina, samstundes som vi jobbar med selskapet. Ser vi at det byrjar å gå veldig bra, er det høgst truleg at vi tek oss eit friår etter vidaregåande for berre å fokusere på Cape Branding ei stund, seier Stephan Ervik.

– Vi ville kombinere evnene våre, eg som fotograf, Simon som webdesignar og Stephan som grafisk designer. Vi har jobba kvar for oss før dette, og har opparbeida oss eit solid nettverk på kvar vår kant. No slår vi oss saman, og det trur eg blir veldig spanande, seier Olav Standal Tangen.

Komplett løysing

Det finnast fleire konkurrentar på Sunnmøre, men karane i Cape meiner dei tilbyr ei meir komplett løysing, som marknaden ser etter.

– I staden for at ein må ha ein fotograf som tek bilete, ein webdesignar som lagar nettsida, og ein grafikar som lagar logo og detaljar, så får ein alt det av oss, i ein komplett pakke. Vi har same tankegang, og same forståing for kva som ser bra ut eller ikkje. Gjennom samhandlinga mellom oss får kunden eit produkt der dei ulike delane faktisk passar saman, seier Simon Dagfinrud.

– Høgt internasjonalt nivå

– Dykk er 19 år gamle, dykk er ikkje redde for at dykk ikkje blir tatt seriøst?

– Nei, absolutt ikkje. Vi har meir tid til å lære og erfare, og vi har ei arbeidslyst som er heilt vesentleg for å få noko slikt som dette til å fungere, seier trioen, og legg til:

– Vi har som mål at det vi produserer skal halde eit høgt internasjonalt nivå. Sjølv om vi startar lokalt no med det første, så ser vi til Italia, Polen og andre land, for nyttig inspirasjon.