Hareid kommunestyre gjorde vedtak om etterutrekning av tilskot til Grønmyr barnehage Holstad for 2012, under eit møte 23. mai 2013. Dette vedtaket var ikkje barnehagen heilt nøgd med. Dei meiner mellom anna at kommunen rekna 3- åringane i dei kommunale barnehagane, og 3-åringane i dei ikkje-kommunale barnehagane på ulik måte. Barnehagen meiner ein må legge til grunn same aldersinndeling ved teljing, uansett om barnehagen er kommunal eller ikkje. Kommunen på si side meiner dei vedtekne retningslinene er i samsvar med barnehagelov og forskrifter.

Barnehagen meiner også at dei låge driftskostnadene i dei kommunale barnehagane tyder på at bemanninga ikkje er i tråd med forskrift om pedagogisk bemanning.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal tek ikkje barnehagen sin klage til følgje.