Den ivrige hobbyfiskaren vaks opp med Hareidselva og har fiska der i over 15 år. Men i år har det ikkje vore mykje å glede seg over frå elvekanten.

– Her manglar ikkje fisk, men vatn. Og her har blitt mindre vatn år for år. Då eg var yngre stod ofte vatnet høgare enn steinane langs elva her, fortel Bjørn Tore medan han peiker.

Fekk éin laks

25-åringen droppa sommarferie i år for å få tid til fisking. Aller helst vil jo Bjørn Tore fiske i Hareidselva. Men grunna lite vatn har det i staden blitt turar til andre elvar. Mellom anna fekk han laks på seks kilo i ei anna elv på Nordvestlandet.

– Vi har vel eigentleg berre hatt fire dagar «med elv» her i Hareidselva. Det var ein periode mot slutten av juni. Då fekk eg ein laks. Elles har her ikkje vore forhold. Det har kome litt regn siste dagane, men ikkje nok, sukkar Bjørn Tore.

– Lettare med lottogevinst

Det er lovleg å fiske i fram til 15. august. Bjørn Tore håper på gode fiskeforhold dei siste dagane, sjølv om han ikkje er veldig optimistisk.

– Klart eg håper det. Men det er vel større sjansar for at eg vinn to millionar i lotto enn at vi får storelv her no. Dessutan står her no eit skilt om at vi blir oppmoda om å ikkje fiske. Og det er jo greitt nok. For no er det jo slett ikkje spennande å fiske her, forklarer Bjørn Tore Karlsen.

Ofte stor fisk

Han viser også til at Hareidselva har blitt senka for 32 år sidan, samt at demningane ved Grimstadvatnet og Snipsøyrvatnet har blitt endra. Eit søk i arkivet til Vikebladet Vestposten viser også at dreneringa av golfbaneområdet i Hovdemyrane fått følgjer for elvedraget. Samtidig har Hareidselva eit godt rykte fordi fisken får mat frå både Grimstadvatnet og Snipsøyrvatnet – og den fisken som er i elva blir ofte stor. Så med gode forhold er det framleis veldig populært å nytte elva.

Summerer opp seinare

Leiar i Hareid elveeigarlag, Ottar Arne Hareide, fortel at Hareidselva no er stengt – og har vore det ei stund. Kor god fiskesesongen i elva har vore veit dei først når fiskekorta er innleverte 1. september.

Sjølv kan Hareide hugse andre år Hareidselva har vore lita. Men at det har vore svært dårlege fiskeforholda i elva i år er alle einige om.