– Eg har ikkje sove så mykje dei siste nettene, fortel ein spent driftsleiar då Vikebladet Vestposten møter han to dagar før opninga av Ulstein Arena.

Dei siste tre månadane har Velsvik følgt arbeidet med ferdigstillinga av bygget på svært nært hald. Lært Ulstein Arena å kjenne ned til kvar minste detalj. Det trengst når han skal ha ansvaret for å sørge for at alt fungerer slik som det skal. Både no og i framtida.

– Gjort ein fantastisk jobb

Dei siste månadane har han følgt nøye med på dei mange arbeidarane som har jobba for å få Ulstein Arena klart til opninga, og Velsvik fullrosar dei mange lokale leverandørane som har vore i sving.

– Det er veldig viktig med lokale leverandørar. Då kan vi, om ei veke, ein månad eller eit år, ringe dei dersom det er noko. Det er så mykje enklare å kunne ta igjen ting eller få hjelp om det skulle vere noko. Dei har også gjort ein fantastisk jobb, og det prøvar eg å seie til alle som fortener det. Og dei er det mange av! slår Velsvik fast.

Arbeidet med Ulstein Arena held fram heilt til bygget skal opnast, og nokre område vil framleis ha byggeaktivitet også fram mot nyttår. Det er mykje godt arbeid som må til for å få ferdig eit så stort og avansert prosjekt.

– Arkitektane har ikkje berre gjort det lett heller. Det er ikkje mange rette vinklar å sjå, men det blir veldig bra, heilt imponerande! Eg gler meg sånn. Det er nesten ikkje til å tru, stråler Velsvik.

Ulstein Arena inneheld mykje. Eit stort badeanlegg, idrettshall, bibliotek og klivrehall. Alt midt i Ulsteinvik sentrum.

– Denne jobben tenkte eg at eg berre måtte ha. Eg har jobba litt med vassreinsing, er utdanna ingeniør og har også drive eit eige firma som har med bading å gjere. Ein annan ting er jo at når ein arbeider her, så må ein vere utadvendt og jobbe mot folk. Ein kan ikkje vere nokon «Narvestad», ler Velsvik.

Som driftsleiar i Ulstein Arena skal han sørge for at brukarane av bygget får ei god oppleving.

– Eg har ikkje noko med biblioteket eller badevaktene og slike ting, men alt det tekniske på heile tomta. Det blir nok jobb, der ein må ha faste rutinar, men det å få til eit slikt bygg og det å få vere med på det, det er noko som ikkje skjer mange gongar i livet.

Stortrivst

Rune Urke i Ulstein Eigedomsselskap seier at Ulstein Arena skal vare i minst hundre år. Skal ein få til det, blir Velsvik sin jobb svært viktig.

– Dersom ein ikkje gjer ein skikkeleg jobb på drift og vedlikehald så får ein større kostnadar på lengre sikt. Det er viktig å gjere ting rett, men det skal vi også gjere, og eg stortrivst i den jobben eg har no. Den er heilt fantastisk, fortel han.

Velsvik tek lokalavisa med inn i «hjartet» til Ulstein Arena. Inn i dei tekniske romma som blir hans kongerike. Derfrå har Hans Kristian Velsvik kontroll på det aller meste som skjer i det 8000 kvadratmeter store bygget.

– Det er eit avansert bygg, men med mykje ny teknologi, mellom anna på lysstyringa, slik at lyset utandørs dempar seg automatisk dersom det er mykje lys. Vi har ikkje ei einaste vanleg lyspære, berre LED-lys, og det er varmepumper frå Ulstein fjernvarme som varmar opp heile bygget. Det er til dømes mykje nytt her samanlikna med Ulsteinhallen, sjølv om den berre er nokre få år.

Inne i det tekniske området har Velsvik kontroll på alt som skjer, anten det gjeld reinsing av vatn, varme eller andre ting. Det er mykje utstyr ein skal kjenne til, sjølv om mange av systema stort sett styrer seg sjølv.

– Det er mykje å ha kontroll på, men det er også ein av fordelane med å ha lokale leverandørar, for dei er enkle å få tak i dersom det skulle vere noko.

Hektisk innspurt

Den offisielle opninga av bygget skjer laurdag ettermiddag. For å få bygget klart til opning er det mange som jobbar lange dagar.

– Det er nesten vanskeleg å tenkje seg at vi skal opne om så kort tid, men vi blir ferdige, slår Velsvik fast.

Så sprakar det i walkietalkien og vi får eit godt døme på at det er hektisk i innspurten før opninga av Ulstein Arena.

– Eg må nesten gå, dei treng med oppe ved tribunen i idrettshallen, seier Velsvik.