Rådmannen foreslår ei omstillingspakke for Ulstein kommune

Når inntektene til Ulstein kommune går ned, må dei sjå på utgiftene sine. Medan dei i 2014 hadde ein skatteinngang på 118,7 prosent av landssnittet, var skatteinngangen i 2017 på 99 prosent av landssnittet.

Kommunestyret har gitt administrasjonen i oppgåve å utforme ein omstillingspakke, og det har rådmann Einar Vik Arset no gjort. Omstillingspakken 2018 skal opp i Ulstein formannskap på tysdag.

– Ulstein er ikkje i noko uføre, om nokon trur det. Dette er for å gje oss handlingsrom, både på lang og kort sikt. Kommunen må få mest mogleg tenester for kvar krone, kommenterer Arset.

Leiarane og tillitsvalde er orienterte

Administrasjonen vurderer det som lite realistisk å nå innsparingsmålet utan å redusere bemanninga.

Rådmannen har gjennomført orienteringsmøte med alle leiarane. Han har også teke del i sektorvise leiarmøte og fått innspel til tiltak. Han skriv at internt på leiarnivå har dei full forståing for realitetane, og erkjenner at dersom Ulstein kommune skal halde fram sitt utviklingsfokus, så må berekraftig drift liggje til grunn.

Tillitsvalde har både tatt del, blitt løpande orientert i eigne møte og fått høve til forme omstillingspakken i samhandlingsmøta med rådmannen.

Lang smørbrødliste

Rådmannen har laga ei lang liste med 25–26 tiltak der kommunen kan spare inn pengar i år og neste år.

Lista er lang for at dei folkevalde skal ha ein del å velje i. Det er ikkje sikkert det er naudsynt å gjennomføre alle tiltaka.

– Dei folkevalde får avgjere nivået, men eg ser det som naudsynt å gå grundig til verks, seier rådmannen til Vikebladet Vestposten og legg til at det er ingen bedrifter som held fram som før når inntektene sviktar slik.

Barnehagestrukturen

Politikarane i Ulstein har ved fleire høve diskutert å etablere fleire kommunale barnehagar.

I omstillingspakken er barnehagesektoren nemnd. – Dagens finansieringsmodell kombinert med vår barnehagestruktur er sårbar og føreset ekstrem kostnadskontroll ved avd. Sundgotmarka, står det.

Arset forklarer at finansieringsmodellen for barnehagar har endra seg mykje sidan kommunen oppmuntra private til barnehageutbygging.

Tre skular

Det blir omstillingspakken nemnd at kommunen bør starte prosessen med å på sikt ha tre skular. I dag er det fire.

– Haddal skule er minst, er det då Haddal skule som ryk?

– Ja, eg trur ikkje eg skal opne for det ordskiftet før dei folkevalde har sagt at me skal jobbe med det. Det er plass til elevane frå Haddal på Hasund, men dette får liggje til dei folkevalde, seier rådmannen som ikkje vil kommentere så mykje einskildsaker omstillingspakken.

Felles ferie-SFO

Det er også foreslått å samle sommar-SFO til ein skule.

– Kan det vere aktuelt å samle all SFO til ein skule også resten av året?

– Nei, det trur eg ikkje vil vere ei god løysing. Det blir mykje logistikk.

Færre stillingar

Det blir forslått å spare 800 000 kr på nedbemanning i 2018, 5,4 millionar i 2019. Det er også foreslått å få ned overtidsbetalinga og vidareføre tilsettingsstoppen og føre eit stramt innkjøpsregime.

Rådmannen vil ha ei meir effektiv utnytting av eigne areal i staden for å leige.