Til framlegget til budsjett for Ulstein kommune følgjer det med eit eige tiltakshefte. Der står det kva tiltak som blir prioriterte i budsjettet, og kva som ikkje blir prioritert, men som gjerne skulle hatt tilført meir pengar. Det står litt om kva tiltaka går ut på, og kor mykje pengar dei treng.

– I lista over ikkje-prioriterte tiltak står det ein del tiltak som er lovpålagde, som brukarstyrt personleg assistanse og støttekontakt. Kan Ulstein kommune vedta eit budsjett der lovpålagde oppgåver ikkje har fått plass?

– Der er pengar avsett til dette i budsjettet. I den grad det er behov for meir til lovpålagde oppgåver enn det ein har må ein omdisponere, svarer rådmann Verner Larsen.

Vil sjå på kompetansesenteret

– I tiltaksheftet det at innsparingar innan oppvekst berre vil kunne realiserast gjennom reduksjon av lønsutgifter/personale. «Intensjonen er at alle einingar skal vurdere mogleg nedbemanning, i tillegg vil det truleg verte nødvendig med strukturendringar», står det. Kva vil det seie? Kan strukturendringar føre til nedlegging av skular?

– Det er ikkje laga detaljering på innsparingsprosjekta. I rådmannen sitt framlegg er forslaget at dette vert lagt fram i detaljeringa av budsjettrammene i første møte i hovudutvalet på nyåret. Det mest nærliggande innanfor oppvekst no er å sjå på kompetansesenteret der vi har inntektssvikt på grunn av mindre etterspørsel. Det er og naturleg å vurdere kompetansesenteret opp mot den nye eininga for integrering og mangfald. Elles vil alle område i kommunen heile tida vere gjenstand for vurderingar når det gjelder struktur og oppbygging, ut frå økonomiske rammer, teknologi eller struktur. Det skjer eksempelvis endringar på omsorg som følgje av nybygg i Holsekerdalen 20 – 22, nybygg USAS vil føre til endringa osb., svarer Larsen.

Høgare løn enn budsjettert

I tiltaksheftet står det ei lang liste med nye driftstiltak som ikkje er prioritert. Mellom anna står det at lønsbudsjettet ved kommunikasjonsavdelinga ikkje stemmer med faktiske utgifter. Frå hausten 2016 har dei mangla 50 000 kr kvar månad. Å rette på dette vil koste 540 000 kroner i året, men det er ikkje prioritert inn.

– Kva skjer når ein ikkje får budsjettet til å samsvare med faktiske lønskostnader, skal folk seiast opp?

– I budsjettframlegget er det lagt inn ei korrigering på løn. Her er det tilsett personar med høgre løn enn dei som slutta, svarer rådmannen.

Pengar til vaskeri og omsorg

– Det står at vaskeriet treng 100 000 kr ekstra til reingjering av arbeidstøy, men det er det ikkje funne rom for i budsjettet. Kva vil det føre til? At dei ikkje får vaska alt arbeidstøyet?

– Omsorg vil for 2018 ha ei brutto driftsramme på 217 mill. kr. Dei må finne desse midlane innanfor eige budsjett.

– I tiltaksheftet kan ein lese at det ikkje er prioritert å auke grunnbemanninga på sjukeheimen og heimepleia, sjølv om dei har mykje å gjere og talet på pasientar har auka. Vil ikkje dette føre til nye overskridingar i omsorgssektoren, som det har vore dei siste åra?

– I rådmannen sitt framlegg til budsjett har eg tatt vekk 3,3 millionar kr i innsparing i helse og omsorgssektoren. Det blir ei utfordring på lønssida i helse- og omsorgssektoren. Det går fram av tertialrapporten vår i haust. Den utfordringa kjem nok og i 2018, men vi må jobbe for å halde budsjettet, svarer rådmannen.

– Det er heller ikkje funne pengar til å auke stillingar på ressurskrevjande brukarar, sjølv om kommunen får refundert 80 prosent av utgiftene. Kva vil det føre til?

– Vi får refundert 80 % av kostnaden som overstig innslagspunktet på kr 1 157 000 (innslagspunkt for 2017). Vi må omdisponere ressursar innanfor sektoren.

Interkommunale samarbeid

– Det er også interkommunale samarbeid Ulstein kommune har gått inn i, men ikkje har pengar til å betale sin del som barnevernsvakt. Kan Ulstein reservere seg mot å vere med?

– Etablering av barnevernsvakt er eit ønskje frå barnevern. Dette er eit samarbeid for sju kommunar og alle sju kommunane må vere einige om at vi gjennomfører dette. Det dokumentet som ligg på bordet er starten på budsjettprosessen som skal gå fram til 14. desember.

Ikkje pengar til demenskontakt

Ulstein kommune har skrive under på ein avtale med Nasjonalforeninga for folkehelse om demensvenleg samfunn. I tiltaksheftet står det at det trengst eit demenskontakt i ei 20 prosent stilling, men det er det ikkje sett av pengar til i budsjettet

– Vil det seie at Ulstein vil bryte denne avtalen?

– Vi vil arbeide vidare etter den. Får vi ikkje ekstra midlar til dette må vi omdisponere ressursar.

Meir pengar til private barnehagar

Eit anna nytt driftstiltak som ikkje er prioritert er tilskot til pedagogisk bemanning i private barnehagar. Føremålet med tilskotet er å sikre at private barnehagar får kompensert auka utgifter som følgje av nye krav til styrka pedagogisk bemanning. Denne summen er estimert til 700 000 kroner. Det står i tiltaksheftet at kommunen har vått tildelt pengar til dette føremålet i rammeoverføringa, men dette tiltaket er ikkje prioritert i budsjettet.

– Kan kommunen la vere å betale ut desse pengane?

– Det ligg inne 2,2 millionar kroner til auka overføringar til private barnehagar, svarer han og viser til side 17 i rådmannen sitt framlegg. Der kan ein sjå at det er lagt inn 2,4 millionar kvart år i fire år framover i auka overføringar til private barnehagar.

Der kan ein også sjå at rådmannen har lagt inn ei reversering av innsparingstiltak innan oppvekst, noko som utgjer 1,175 millionar kvart år alle fire åra. Han reverserer også innsparingsmålet innan kultur på 500 000 kr kvart år.

– Så då forstår eg det som alle lovpålagde oppgåver har fått pengar, såleis har du lagt fram eit lovleg budsjett?

– Du kan ikkje bruke terminologien om lovleg budsjett i ein slik samanheng, seier Larsen og legg til at kommunen kvar dag møter utfordringar med å levere lovpålagde tenester. Dette blir ei større og større oppgåve for kommunane etter kvart som rammene blir strammare og strammare, og rettigheitslovgjevinga blir vidare og vidare.