– Eg fekk vite dette i går. I dag har vi fortalt det til ungdomane som bur her. No vil dei skrive brev til UDI og forklare at dei ikkje har lyst til å flytte frå Hareid, fortel mottaksleiar Iselin Eliassen Aske.

Ho er ein av 22 tilsette som mistar jobben når mottaket vert lagt ned 1. desember. I dag bur det 25 asylsøkjarar under atten år på mottaket.

– Ikkje uventa

Det er Link AS som driv mottaket i Myrtunet på Hareid. Dagleg leiar Hallstein Saunes vart også informert av UDI i går.

– Dette er trist, men vi visste at det kom ei ny runde med oppseiing av avtalar, seier Saunes.

Mottaket på Hareid har husa mindreårige asylsøkjarar sidan 2015.

– Behovet for slike mottak er redusert. For eit år sidan var det femten slike mottak i Midt-Noreg, no er det berre tre igjen, fortel Saunes, som rosar innsatsen som er lagt ned på Hareid:

– Hareid er eit mottak vi er veldig stole av. Dei har levert eit fantastisk godt arbeid, med fagleg gode og godt motiverte medarbeidarar. I tillegg har vi hatt eit godt samarbeid med Hareid kommune.

Det er knytt 15–16 årsverk til mottaket, som altså er fordelt på 22 tilsette.

– Det er sjølvsagt svært leit at vi må seie opp dei tilsette. For eit år sidan hadde vi tjue mottak, no har vi seks igjen, seier Saunes.

Heile landet

Det er ikkje berre Hareid som mistar asylmottak. Utlendingsdirektoratet varslar at dei vil legge ned åtte ordinære mottak og ni mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i år.

Bakgrunnen er at det kjem få asylsøkjarar til Noreg for tida. På dei sju første månadene har vel 2.600 personar søkt asyl her i landet.

– Når vi no legg ned fleire mottak, vil nedlegginga også omfatte veldrivne mottak og mottak som blir sett pris på i lokalsamfunna. Det er synd, men samtidig er det ikkje samfunnsøkonomisk forsvarleg å betale for plassar som ikkje er i bruk, seier fungerande avdelingsdirektør Borghild Fløtre i UDI.

Tidlegare i år vart EMA-mottaket i Ulstein lagt ned. Mottaket på Hareid har siste driftsdag 30. november.

Mottaket på Hareid: 22 tilsette mistar jobben ved asylmottaket på Hareid når mottaket vert lagt ned 1. desember. Per i dag bur det 25 asylsøkjarar under atten år på mottaket. Foto: Arkiv