Like før klokka halv tre natt til sundag vart Kvalnestunnelen opna for trafikk igjen.

Tunnelen vart stengt etter trafikkulukka i går der ein lastebil og to personbilar kolliderte.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe kom til staden for å undersøkje området sidan ulukka involverte eit stort køyretøy og ein tunnel.

Det var omkøyring for personbilar rundt Kvalneset heile laurdagskvelden. Trafikken vart dirigert, så bilane fekk berre køyre i ei køyreretning om gangen. Det regna kraftig, og vegen rundt er ikkje asfaltert, så utover kvelden vart holene i vegen stadig fleire og større.