Badeanlegget: Bassenget held no ein temperatur på 27–28 grader. FOTO: Frå Facebooksida til Ulstein Arena Foto: Facebooksida til Ulstein Arena

I si orientering fortalde kultursjef Leif Ringstad i staden om prisnivå på dei ulike tilboda og logo for anlegget.

– Det nærmar seg opninga 2. desember og vi ser ut til å vere i rute, sa Ringstad.

Eit samrøystes formannskap bad om å få sjå driftsbudsjettet på neste møte, måndag 11. november.

100 kroner frå kvar

Kultursjefen fortalde at ein reknar med ein stad mellom tretti og trettifem tusen besøkande i året i anlegget, som rommar badeanlegg, klatrevegg, idrettshall og bibliotek.

– Det vert viktig med mykje besøk når anlegget har opna, dette vert fantastisk flott! No er det til dømes 27–28 grader i hovudbassenget, fortalde Ringstad og viste formannskapet bilde frå badeanlegget. Han fortalde også at dei som skal jobbe som servicevertar og badevakter har vore på synfaring i bygget.

Ifølgje kultursjefen reknar ein med at kvar besøkande skal legge igjen 100 kroner kvar gong dei er innom Ulstein Arena.

Også årskort

For å finne ut kva det skal koste å bruke badeanlegget, har kommunen sett på prisnivået i Sunnmørsbadet, Lustrabadet og Moldebadet.

– Vi vil ikkje at Ulstein Arena skal vere ein konkurrent til Sunnmørsbadet, sa Leif Ringstad.

I prisforslaget er det lagt opp til at det skal koste 100 kroner for born og honnør på kvardagar, 110 kroner i helga. For vaksne 110 på kvardagar, 120 i helga. For ein familie på fire skal det koste 350 (kvardag) og 400 kroner (helg).

– Dette er litt billegare enn Sunnmørsbadet, fortalde kultursjefen politikarane.

Eit årskort vil koste 2800 kroner for born/honnør, 3500 kroner for vaksne. Ein famileårskort for to personar er prisa til 5500 kroner, og 7000 kroner for ein familie på tre.

– Når det gjeld leige av idrettshallen i Ulstein Arena, har vi tenkt å følgje prisnivået for leige av Ulsteinhallen, sa Ringstad.

Leigeprisen for Klivrehallen er ikkje klar.

Opningstida for anlegget vert frå 08.00 til 21.00 på kvardagar, og 12.00 til 18.00 i helgene.