Kvar onsdagskveld og torsdagskveld er det undervassrugby i Ulsteinbadet. Det er eit nystarta tilbod etter det nye badeanlegget opna, i regi av dykkarklubben.

Dei er ein gjeng med eit stort aldersspenn, frå 13 til 78 år. Her er det ope for både kvinner og menn, i alle aldrar. Dei inviterer alle som vil til å vere med.

– Det er som å spele basket, berre under vatn, forklarer Håvard Stave.

Han fortel at i Ålesund har dei eit godt undervassrugby-lag. Og i Molde er det også eit lag, der fleire på laget også er på landslaget i undervassrugby.

God trening

Å drive med undervassrugby er god trening. Ein får trent både kondisjon og styrke.

Stave fortel at dei startar treningane med å symje ein del fram og tilbake for å varme opp. Det er som med anna trening, det er viktig å varme opp.

Når ein dykkar er det viktig å varme opp for å greie å halde pusten. Skal ein halde seg på djupet, der spelet går føre seg, må ein greie å halde pusten ein stund.

– Dei som greier å halde pusten og vere med mogleg nede på botnen vinn, smiler Stave.

Eigne tider

Dykkarane er utstyrte med symjeføtter, symjemaske og snorkel. Dette har dei også på seg når dei sym for å varme opp. Det blir ein del plasking og skråling, både av oppvarminga og spelinga, så dei har fått eigne treningstider i bassenget.

– Kvifor driv de med dette?

– Det er gøy! Det er ein god kombinasjon av ballspel og samhandling. Og det er ei fin avveksling til vanleg symjetrening, svarer Stave og fortel at i Ålesund er mange av dei aktive symjarane med og speler undervassrugby.

Ein del av ungdomane som er med i bassenget er ungdomar som kjem frå jolleklubben, så dei er vane med å vere i vatn.

Moro i vatnet

Det er tydeleg at dei frammøtte har det moro i lag. Etter dei har varma opp får underteikna vere vitne til ein kamp, rett nok frå bassengkanten, så kva som går føre seg langt der under vasskorpa er ikkje lett å få med seg. Men innimellom dukkar dei opp og ropar mål. Målet er ei korg som står på botnen, og ballen er fylt med vatn så han ikkje flyt opp.

Om dei blir mange nok får dei sjå kva dei får til. Kanskje det blir eit lag som kan vere med i turneringar?

Håvard Stave viser fram målet og ballen. Ballen veg 1,3 kilo, så av fare for at nokon skal få han i hovudet er det ikkje lov til å kaste han over vasskorpa. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Det blir litt plask og skrål når ein driv med undervassrugby, difor er gruppa for seg sjølve i bassenget når dei har trening. Foto: Ingvild Aursøy Måseide