På Roppesanden står Sofia Dyrhol og forevigar sola, som sakte går ned mot horisonten, like bak Runde. Kjærasten Peder Kleppe går bort til Sofia og sjekkar resultatet.

- Det er berre så uendeleg vakkert her ute, seier dei to.

Vikebladet Vestposten møtte Sofia og Peder då underteikna påskeaftan var ein tur på Flø for å sjå om det var mykje folk som hadde stoppa opp for å få med seg nok ein vakker solnedgang. Like sikkert som at sola målar himmelen i meir og meir spektakulære fargar desto lengre ned ho går, er det at biltrafikken mot Flø hentar seg opp betrakteleg i takt med at sola nærmar seg horisonten.

I påska er det nok mange som har reist vekk, til hytta eller til utlandet, eller andre stader. Men av dei som heller vel å vere heime, er det nok ein relativt stor prosentdel som i løpet av påskeferien har køyrt strekket ut mot Flø for å sikre seg vakre opplevingar og flotte naturbilete.

- Vi har i alle fall sett mange her ute i dag. No i kveld var det eit titals bilar å sjå på busslommene, snuplassane og langs vegen, i tillegg til mange som berre stoppa kort og køyrde vidare. Vi er ikkje åleine om å vere fascinert av Flø, og av sola vi har fått lov til å ha heile påska i år, det er sikkert, seier Sofia Dyrhol.

- Heilt spesiell stad

Ho er frå Hareid medan kjærasten Peder er frå Gursken. Peder er elektrikarlærling, medan Sofia går vidaregåande skule på Akademiet i Ålesund, der ho er elev ved medielinja. Ho fortel at ho synest fotografi er spanande og at naturfoto er ein del av hennar interessefelt.

- Eg likar å eksperimentere med lys og fargar, seier ho.

Og for å øve på naturfotografi, med eit marint tilsnitt, treng ein ikkje reise langt, meiner ho.

- Flø er ein heilt spesiell stad, og perfekt for gode motiv, utan tvil. Så er det eit ekstremt landskap rundt ein på alle kantar her ute. Eg skjønar godt kvifor så mange reiser ut hit på godvêrsdagar, seier Sofia og legg til:

- Fordelane med Flø er at det er så tilgjengeleg, og at sola går ned i havet. Det gir spesielt vakre bilete når sola så vidt held seg over horisonten, eller akkurat ligg og "kviler" på den. Det er som å sjå eit levande måleri.

Peder og Sofia sat seg så ned på ein stein, med eit varmt og godt teppe over seg, og såg ut mot dei få lysstrålane som var igjen frå solskiva, der ho dukka ned under horisonten.

- Viser kor attraktivt Flø er

Litt lenger ute fann lokalavisa Ulstein-ordførar Knut Erik Engh, kona Mariette Gjerde og dottera Elise Gjerde Engh. Dei var også på solnedgangsafari påskeaftan.

- Det er fint å vere solnedgangturist i eige land og eiga kommune, seier ordføraren med eit smil.

Flø er eit kjent og kjært mål for mange på godvêrsdagar, men det er likevel kjekt å sjå at så mange tek turen, meiner Knut Erik Engh.

- Det viser berre kor attraktivt Flø er. At vi har slike stader like i nærleiken av heimane våre, er utruleg kjekt å tenkje på, seier Engh.

Ordføraren og familien har vore nokre dagar på Harpefossen, men elles har det vore heimepåske.

- Vi er nok litt glade i heimepåske vi. Elles i påska har vi fått oss ein tur på fjellet, og då gjekk turen til Runde. Der gjekk vi i kø, for det var så mykje folk som var ute og gjekk, seier Knut Erik, Mariette og Elise til slutt.

Sofia Dyrhol i full konsentrasjon bak stativet, på jakt etter det beste solnedgangbiletet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
- Det er fint å vere solnedgangturist i eige land og eiga kommune, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh. Han og kona Mariette Gjerde og dottera Elise Gjerde Engh var påskeaftan på Flø for å få med seg den vakre solnedgangen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.