Gunvor Ulstein nytta høvet til å takke statsminister Erna Solberg for valet av Hafast, då dei møttest ved Kleven Verft i føremiddag.

Ho kalla vegen for kunnskapsvegen, for å synleggjere for statsministeren og næringsminister Monica Mæland kor viktig vegen er for regionen og den maritime næringa.

Etter ei omvisning på Kleven Verft, der ministrane også fekk møte TAF-elevar, var det lyttemøte med lokale representantar for næringsliv, lokale myndigheiter og kunnskapsmiljøet i regionen.

Der tok også ulsteinordførar Jan Berset, hareidsordførar Anders Riise, herøyordførar Arnulf Goksøyr og sandeordførar Dag Vaagen ordet for å takke for Hafast.

– Jaja, vegen er ikkje bygt endå, repliserte Solberg.

Men Riise svara at det var viktig at valet no er teke for kvar traseen skal gå, så ein kan kome igang med planlegginga.

TAF-elevar møtte statsmininsteren

Varslar maritim storsatsing

Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland fekk omvisning på Kleven Verft av Kjersti Kleven og Ståle Rasmussen.