Formannskapet i Haried stemte mandag for rådmannen si tilråding om å seie nei til SalMar sin dispensasjonssøknad om akvakulturanlegg i Brandal.

Rådmannen si tilråding vart sett opp mot forslag frå ordførar Anders Riise (H) som ynskte at søknaden skulle godkjennast. Rådmannen si tilråding vart godkjent med seks stemmer for og ei mot.

Riise ynskte at dispensasjonen skulle godkjennast og la ved denne grunngjevinga: "Området vil ikkje verte vesentleg forringa kvalitetane i området utover det som allereie er lagt ut i kommuneplanen til formålet. Ei viser og til at overordna mynde ikkje har vesentlege merknadar til dispensasjonen."

Også søknaden om det foreslåtte anlegget ved Teineberget vart avvist av formannskapet. Her var det mindre motstand, men tilrådinga til rådmannen om å seie nei til dispensasjonssøknaden vart vedteke med fire mot tre stemmer.

Etter møtet ville ikkje Riise komme med utdjupande kommentarar om vedtaket, men han sa at han var overraska over at også dispensasjonssøknaden for Teineberget vart avvist.