Kultursjef Leif Ringstad opplyste til Vikebladet Vestposten i midten av desember at det etter det flotte fyrverkeriet i samband med Ulstein Hotell si 100-årsmarkering, har kome mange oppmodingar om at kommunen må ta initativet til ei felles fyrverkerioppskyting i Ulsteinvik nyttårsaftan. Slik blei det også, og mange, både næringslivet og enkeltpersonar, bidrog med pengar til det som blei eit framifrå fellesfyrverkeri for Ulstein kommune.

Resultatet kan du sjå i videoen i toppen av saka. Videoen er filma av Joakim Rødven.

Ringstad skriv til Vikebladet Vestposten at det var stor stemning og fantastiske tilbakemeldingar i høve fyrverkeriet nyttårsaftan.

- Mykje folk var samla både i sentrum og på Vikholmen, for å få med seg det fantastiske fyrverkeriet. Tilbakemeldingane har vore fantastiske og "alle" meiner dette må bli årvisst. Fleire har også gitt oss tilbakemelding om at dei doblar bidraga til neste nyttårsfyrverkeri.Kjekt også at så mange tok turen til Vikholmen, og fekk oppleve stemninga saman der, seier kultursjef Leif Ringstad.