På formannskapsmøtet i Hareid sist måndag viste Ranja Dimmen Alme (Folkelista) fram ein stor stein som var pirka ned frå Engeskardtunnelen av geologen som var på synfaring der torsdag for ei veke sidan. Heile formannskapet var samde om at noko må gjerast raskt. Det vart diskutert både stenging og sikring.

Like etter møtet ringde Christina Steffenssen, einingsleiar i Hareid kommune, geologen som var på synfaring.

Han meinte det ikkje var naudsynt å stenge tunnelen.

– Geologen forklarte at det er ein del laus stein i tunnelen og at det er behov for ein reinsk, fortel Steffensen. Geologen rådde Hareid til å utføre dette i nær framtid.

Hareid kommune har difor med bistand frå Asplan Viak alt starta prosessen med å skaffe entreprenør med naudsynt kompetansen til å utføre dette arbeidet. Det vil då vere snakk om å reinske ut lause steinar og gjennomføre naudsynt sikring.

Det naudsynte arbeidet med å utbetre tunnelen vil gå som planlagt, opplyser Steffenssen.

– Dette skal me greie å løyse utan stor dramatikk, kommenterer rådmann Ragnhild Velsvik Berge til Vikebladet Vestposten.