- Veldig artig, seier 22-åringen, som er fødd og oppvaksen i Volda og byrja å spele for Hødd i 2007. Alt som 18-årig fekk han vere med på eit treningsopphald i Premier League-klubben Everton.

Juryen grunngir tildelinga med at Ørjan har hatt ei veldig fin utvikling i år. Han har vore ein stabil og god sisteskanse for cupfinale-laget Hødd og markerte seg også sterkt for U21-landslaget i den siste play off-kampen mot Frankrike. Ørjan er ein reaksjonssterk keeper og ein matchvinnartype med vinnarskalle.

I løpet av sesongen blir sju unge fotballtalent tildelt prisen “Månadens fotballtalent”.

Kvar månadsvinnar får 50.000 kroner, som han skal gi til ein eller fleire kubbar som har betydd mykje for utviklinga. Ørjan Nyland har valt å dele pengane mellom Volda og Mork. - Eg starta i Mork IL, og gjekk vidare derifrå til Volda, fortel han.