Det låg ikkje heilt i korta at Matilde Hassel skulle jobbe med integrering av flyktningar. 26-åringen vaks opp på Kjelsås i Oslo, og brukte store delar av oppveksten på fotballsparking.

– Eg gjekk idrettslinja på vidaregåande, trente med toppserielaget Linderud/Grei og var på krinslaget. Men det vart litt for mykje til slutt, så då eg budde i Frankrike i eitt år etter vidaregåande, vart det lite trening, fortel ho.

I staden for ein fotballkarriere hamna ho i Ulsteinvik, der ho sidan sommaren 2015 har jobba med integrering av flyktningar.

– Heilt tilfeldig var vel det ikkje, sidan kjærasten min er frå Hjørungavåg. Då det dukka opp ein sommarjobb i flyktningtenesta i 2015, som vikar på introduksjonsprogrammet for flyktningar, søkte eg og fekk jobben, fortel ho.

No har ho eit engasjement fram til sommaren, med ansvar for praksisutplassering av flyktningane.

– Eg trivast veldig godt i jobben, seier ho

Lause gjenstandar

26-åringen har ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og ein master i statsvitskap frå NTNU i Trondheim. Kjærasten, Daniel Pilskog, er dykkar i oppdrettsnæringa på Nordmøre.

– Han er heime annakvar veke, og då brukar vi mykje tid saman. Når han er på jobb, brukar eg mykje tid på fotball, faktisk, seier ho, og fortel at ho har gjort eit aldri så lite comeback fotballbana.

– Eg er midtbanespelar på damelaget til Hareid, det er veldig slitsamt, ha ha. Vi har det veldig fint sosialt, så det har mykje å seie for trivselen min.

Korleis likar du å bu i Ulsteinvik då?

– Det er veldig fint her naturmessig, men ikkje så fint vérmessig. Eg får sjokk kvar eg høyrer vinden uuuular rundt leilegheita vår, og sånn «sikring av lause gjenstandar», det har eg vorte ganske flink til, ler ho.

Både ho og kjærasten er glade i friluftsliv. Stikkorda er fjellturar, snøbrett og ski, og surfing i Hoddevika.

Integrering

I år har Ulstein kommune busett 23 flyktningar. Gjennom eit introduksjonsprogram skal dei lære norsk språk og om samfunnet og arbeidslivet i Noreg. Frå i haust intensiverte kommunen arbeidet med å finne praksisplassar til flyktningane. Prosjekt Praksis, som Matilde er ansvarleg for, fekk tidlegare i år 400.000 kroner frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI. I haust er seksten flyktningar ute i arbeidspraksis to dagar i veka, over nyttår skal nitten nye ut og trene seg i arbeidslivet.

– I tillegg til å følgje opp flyktningane når dei er ute i praksis, har eg tre undervisingsøkter i veka med dei. Der driv vi med praksisrefleksjon, loggskriving og diskusjonar, fortel Hassel.

– Eg er veldig imponert over arbeidsgjevarane som tek imot flyktningar. Dei gjer det på ein veldig ok og positiv måte, eg trudde faktisk det skulle verte vanskelegare enn det vart å finne praksis til alle.

Er det ein fordel eller ei ulempe at du som sjølv er innflyttar skal drive med integrering i Ulsteinsamfunnet?

– At eg ikkje har eit nettverk, meiner du? Eg veit faktisk ikkje, det kan vel vere begge delar. Men eg har i alle fall kollegaer med stort nettverk, seier ho.

– Viktig samfunnsområde

Neste år er Ulstein og Hareid bedne om å ta imot ti flyktningar kvar. Det var ikkje sjølvsagt, sidan talet på asylsøkjarar går ned.

– Eg jobbar med eit samfunnsområde som kanskje er det viktigaste vi har. På eit overordna nivå handlar mykje av samfunnsdebatten om integrering, om å få flyktningar ut i arbeid. Jobben eg har er fagleg interessant, eg har dagleg kontakt med dei det faktisk gjeld.

Engasjerer du deg i innvandringsdebatten?

– Eg er ikkje politisk aktiv, men det klart eg har personlege meiningar.

For første gong i intervjuet tek ho nokre sekund tenkepause, før ho held fram:

– Sidan andre verdskrig har det ikkje vore så mange menneske på flukt, om ein tek med internt fordrivne. Då er det eit tankekors at vi tek imot så få flyktningar som vi gjer, seier ho.

Matilde Hassel er godt i gang med å finne praksisplassar til dei nitten flyktningar som skal prøve seg i arbeidslivet frå nyttår.

– Mi oppleving er at dei som kjem ut i praksis er ein ressurs for arbeidsplassane. Eg er imponert over flyktningane, for målet er at du skal vere økonomisk sjølvstendig to år etter at du er busett i ein kommune. Det er eit ambisiøst mål, og vi er ikkje i mål enno. Men dei som deltek på introduksjonsprogrammet viser stor vilje til å jobbe og stor motivasjon til å lære seg norsk.

Er innbyggjarane i Ulstein flinke til å inkludere dei som kjem flyttande hit?

– Det er mange som bidreg her, men eg synest absolutt her er eit uutnytta potensial, seier ho, som har budd kortare i Ulsteinvik enn mange av dei ho prøver å integrere.