- Vi er ein skuffa gjeng her no, og det må vi få lov til å vere, seier trenar Ole Per Kragset på telefon frå Surnadal.

Hødd vart slått 5-1 i returkampen, etter 1-1 på Høddvoll sist søndag.

Ufyseleg vér

Kragset fortel at kampen vart spelt i eit ufyseleg vér.  Det både regna og hagla i løpet av dei nitti minutta, og bana var tung.

- Vi spelte på ei grasbane som var veldig blaut. Surnadal var rett og slett flinkare til å sparke ballen hardt og langt. Det heile vart eigentleg litt tilfeldig, men Surnadalspelarane vann nok mykje på at dei er fysisk sterkare,  fortel Kragset.

Han meiner det er merkeleg at kampen ikkje vart spelt på kunstgrasbana, som ligg like ved grasbana i Surnadal.

- På kunstgrasbana er det også lys, det vart ganske mørkt mot slutten av kampen, seier Kragset.

Prøver igjen neste år

Målet til Hødd vart skåra av Oline Marø Sundgot, som reduserte til 4-1 i det 64. minutt.

- Det var eit fint mål, Oline skaut frå 17-18 meter og plasserte ballen ut mot stolpen, fortel trenar Kragset.

Kva har du sagt til spelarane no etter kampen?

- Eg har sagt at det berre er å brette opp ermane og trene vidare. Vi får prøve på opprykk neste år, då er vi eitt år eldre og eitt år betre trente, seier Kragset.