Samferdselsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til endringar i postlova. Forslaget inneber at det vert opna for å redusere omdelingsfrekvensen av post. Bakgrunnen er digitaliseringa som gir folk, næringsliv og det offentlege tilgang til stadig nye tenester som igjen gir fall i brevvoluma.

Posten Noreg har tidlegare bedt om endringar i rammevilkåra for å få fleksibilitet som kan passe med omdelingsnettet i takt med marknadsutviklinga.

– Dei foreslåtte endringane i rammevilkåra er betre tilpassa marknadssituasjonen og legg grunnlaget for å dekke det basisbehovet folk har for postsendingar. Samtidig vil Posten halde fram med å utvikle tenestetilbodet sitt tilpassa auka e-handel og digitale moglegheiter, seier konsernsjef Tone Wille i Posten Noreg i ei pressemelding.

Forslaget til Samferdselsdepartementet byggjer på ein rapport utarbeidd av Copenhagen Economics (CE). CE konkluderer med at Postens innspel om 2,5 omdelingsdagar er rimeleg og at den bedriftsøkonomisk optimale distribusjonsfrekvensen til selskapet i 2018 ville vore 2,5 dagar i staden for dei fem dagane som er pålagt gjennom dagens rammevilkår.