Suwalikis Venner vart stifta på Larsnes i 1990, og er eit framhald av «Polenhjelpa», som var med på å byggje opp barneheimar i Polen.

I dag er Suwalkis Venner den viktigaste samarbeidspartnaren til polske SOPD, ein organisasjon som yter hjelp til barn som ikkje får den basale omsorga dei treng.- Utan dei månadlege bidraga frå Suwalkis venner hadde barneheimane i Suwalki og Augustow vore ryggrad, kommentrer Gerd Vik Flø, leiar i Suwalkis Venner.

Polen har i dei siste åra hatt ei positiv utvikling. Men Vik Flø fortel at dette ikkje er tilfelle med regionen og byen Suwalki.

- Suwalki strevar med å kome seg opp på same nivået som dei andre regionane i Polen. Det er den fattigaste organisasjonen i landet, med stor arbeidsløyse og påfølgjande alkoholmisbruk. Og med alkoholmisbruk følgjer ofte vanskjøtting av born og vald, og det er mange barn i denne regionen som ikkje får den tryggleiken dei treng, forklarer ho.

To barneheimar

Suwalkis Venner støttar to barneheimar, den eine i Suwalki by og den andre i Augustow. Til saman er det 150 barn som er knytt til barneheimane. I Augustow er barneheimen for aldersgruppa 2 år og opp til 18 år. I Suwalki frå 7 til 18 år.

Begge blir drivne som dagheimar. I Suwalki er det knytt barnehage til barneheimen, i Augustow kan borna kome å få leksehjelp og mat når dei er ferdige på skule. I utgangspunktet skal dei sove heime hos foreldra sine om natta.

- Men det er alltid nattevakt på barneheimane. Så viss det blir vanskeleg i heimen, kan dei sove på barneheimen.Filosofien er at viss borna kan vere heime om natta, verkar det oppdragande på borna.

Ein gong i året reiser nokon frå styret i Suwalkis Venner til Suwalki for å sjå korleis drifta av barneheimane er.

- Vi betaler reisa sjølve, og for organisasjonen vår er det svært viktig å passe på at borna har det godt, og at hjelpa frå Søre Sunnmøre blir brukt til det ho skal. Det er svært viktig at folk held fram med å gi, og v i ser at det nyttar, seier Gerd Vik Flø.Suwalkis Venner har i dag om lag 70 faste støttemedlemer, og mange av dei har støtta organisasjonen i mange år. I tillegg har dei fått mykje gåver frå butikkar og mindre firma i Ulstein og Hareid.

Komande søndag held Suwalkis Venner basar på Bygdastova i Ulsteinvik. Der blir gratis kakebuffet og kaffi, underhaldning og ei mengde flotte gevinstar på åresal og lodd.

Innkoma går sjølvsagt til barneheimane i Suwalki.