– Hm, dette var ikkje bra, seier ordførar Knut Erik Engh då Vikebladet Vestposten gjer han merksam på utgreiinga frå rådmannen i saka om eigedomsskatt. Kommunestyret vedtok sist torsdag å innføre ein eigedomsskatt på to promille, noko som skal gje kommunen rundt 13,5 millionar kroner neste år.

I utgreiinga står det døme på eigedomsskatt for ulike bustadtypar og at «Tala er basert på likningsverdi for 2015». Ein einebustad frå 2010 med eit areal på 228 kvadratmeter får ein takst på 1,26 millionar kroner og ein eigedomsskatt på 2019 kroner. Det betyr at eigedomsskatten er to promille av likningsverdien.

– Vedtaket i kommunestyret er rett, men utgreiinga er misvisande, seier Engh.

Skal gongast med fire

Vikebladet Vestposten har snakka med fleire kommunestyrepolitikarar i Ulstein som trur dei har vore med og vedteke ein eigedomsskatt på to promille av likningsverdien.

– Eigedomsskatten tek ikkje utgangspunkt i likningsverdien, men i formuegrunnlaget for bustader. Likningsverdien er sett til 25 prosent av formuesgrunnlaget, seier Liv Elin Vermundsberget i KS. Ho er sekretariatsleiar i Eiendomsskatteforum.

– Kommunen må sjølv gonge formuegrunnlaget med 0,8, då får dei grunnlaget for eigedomsskatten.

Så i staden for rundt 2000 kroner i året for ein einebustad frå 2010, vert summen på rundt 8000 kroner.

Mange reaksjonar

Vikebladet Vestposten har fått mange reaksjonar frå lesarar etter artikkelen i laurdagsavisa om kva eigedomsskatten vil koste. Artikkelen bygde på sakspapira kommunestyret gjorde vedtaket om eigedomsskatt på. Artikkelen vart også lesen og godkjend av rådmann Verner Larsen før avisa gjekk i trykken.

– Desse tala kan ikkje stemme, seier Svein Urvik då han kjem innom redaksjonen.

– Har politikarane gjort vedtak på feil grunnlag her? I så fall er det veldig pinleg, seier Urvik, og legg på bordet eit reknestykke som gjeld eit hus frå 1975. – Viss arealet er 169 kvadratmeter kjem vi fram til ein likningsverdi på 697.000 kroner. Den skal altså gongast med fire, så gongast med 0,8. To promille av det gir ein eigedomsskatt på 4461 kroner i året, seier Urvik.

Legg seg flat

I vedtaket frå kommunestyret står det følgjande: «Ulstein kommune skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register for «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» som grunnlag for eigedomsskatten.» Formuesgrunnlaget er altså likningsverdien gongar fire.

– Her er det berre å legge seg flat. Eg burde absolutt å ha sett av saksutgreiinga var misvisande, seier ordførar Engh.

Trur du det hadde vorte fleirtal i kommunestyret viss fleire hadde forstått at denne skatten vert fire gongar høgare?

– Det er det veldig vanskeleg å svare på. Men eg sende ein utvida tabell til gruppeleiarane i samarbeidspartia Frp, KrF, Ap og Sp, som viser kva eigedomsskatten vil ha å seie for ulike bustader, seier Engh.

Vikebladet Vestposten var måndag i kontakt med rådmannen. Han sa då at han ikkje har tid til å sjå på saka før tidlegast tysdag. Men måndag ettermiddag seier ordførar Knut Erik Engh at dei kjem til å kalle inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte i romjula for å få vedteke eigedomsskatten på nytt, slik at det ikkje skal vere tvil om kva som er grunnlaget for skatten.

– Desse tala kan ikkje stemme, seier Svein Urvik. Han er ein av mange som stussa på utrekninga av eigedomsskatt. Foto: Linda Eikrem