Rett etter lunsj i dag (fredag) skulle ein av dei tilsette ved Ahlsell i Saunesmarka ta seg ein tur ut for å nyte det varme veret. Då oppdaga han til si store forskrekking av bilen hans var full av bittesmå, kvite prikkar.

Han alarmerte dei andre tilsette ved Ahlsell Ulsteinvik, og på ein blunk fann dei ti bilar som var skjemde av kvitt sprøytemalingsstøv.

Verst på flunkande ny bil

Verst hadde det gått ut over ein spildrande ny Mazda 6 2014. Bilen stod parkert på baksida av Ahlsell-bygget, og den blanke lakken har blitt full av bittesmå prikkar.

- Vi tenkte først at det måtte vere ei bedrift i nærleiken her som dreiv med sprøytemåling. Men vi har undersøkt, og her er inga verksemd som driv med sprøytemåling i nabolaget, fortel Roy Werkland.

40 bilar hos Servi Ulsteinvik

Ahlsell Ulsteinvik har tilhald i Brendehaugen 22, og naboen, og då dei kontakta nabobedrifta, Servi Ulsteinvik, gjekk tilsette der også ut for å sjå på bilane sine. Det synte seg at der var tilstanden endå verre. I følgje Werkland talde dei utanfor Servi Ulstein heile 40 bilar som hadde fått kvite målingsprikkar på seg.

Har kome med vinden

Kvar målinga har kome frå, kan Werkland ikkje svare på. Det han er sikker på, er at ho må ha kome med vinden.

- Folk bør ikkje sprøytemåle når det er vind, slår han fast.

Bilane må ikkje lakkerast opp att, men dei må inn til polering. Og dette vil kome på fleire tusen kroner, meiner Werkland.

Små kvite prikkar over heile bilen.