Nærare 80 båtar skal gå i konvoi langs Norskekysten og ende opp Landsstemnet til Forbundet Kysten i Oslo.

Landsstemnet er ein del av den offisielle markeringa av Norges grunnlov sitt 200-årsjubileum.

Omlag 20 personar frå Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta, Volda vert med båten på seglas. Forbundet Kysten, saman med mellom andre Oslo Havn, Norsk Maritimt Museum, Norsk Forening for Fartøyvern og Grunnlovsjubileet 1814-2014 inviterer til eit gigantisk stemne i Bjørvika midt i Oslo sentrum.

350 båtar frå heile Europa kjem inn til Oslo desse dagane. Kystlag, matprodusentar, museum og andre skal gjere sitt beste for å synlegjere Norges kystkultur arv på området på land langs kaiene i hovudstaden.

Slagordet for landsstemnet er "Båten - Norges Nasjonsbygger", og dette skal ein med rette vise gjennom dei fire dagane frå 17. - 20. juli. Grunnlovskonvoien som er ein del av dette arrangementet er organsisert av Forbundet Kysten saman med Norsk Foreining for Fartøyvern.

Konvoien startar i Florø og endar i Oslo. Nokre båtar går lengre strekk langs kysten, og nokre sluttar seg til undervegs.

M/S Hindholmen, som er ein verna fiskebåt bygd i i stål i 1916, opprinneleg frå Vartdal, vert ein del av konvoien frå Kristiansand.

At Kristiansand er starthamn heng saman med at båten vart restaurert tilbake til den stand den hadde på 50-talet ved Brenndalsholmen Fartøyvernsenter i Kristiansand. Vidare skal båten gå innom Risør, Sandefjord og Horten før heile konvoien har ankomst i Oslo 17. juli kl 18.14.

Det er mogleg for publikum å vere med veteranbåtane på tur frå Horten, og til sjølve innseglinga til Oslo under landsstemnet.

Riksantikvaren har brukt mange millionar kroner på å ta vare på denne unike fiskebåten, som er av dei siste av sitt slag som er i drift i den stand den var i storheitstida for fiskeri på 50-talet. Båten har klinkbygd skrog i stål på 32 meter, originalt overbygg. Og maskinen, ein tresylindra Wichmann frå 1953, går i beste velgåande ombord.

M/S Hindholmen har base på Strandabøen i Ulsteinvik og er verdt å sjå for dei som ikkje kjenner til at vi har eit slikt klenodie liggande i nærmiljøet.

Gjennom mykje arbeid frå eldsjeler og tilskot frå Riksantikvaren og sponsorar er båten i full operativ drift, og kan også ta med seg passasjerar på turar. Hindholmen vart opprinneleg teken vare på av ei gruppe beståande av folk frå fiskerimiljøet saman med folk frå skule og høgskule i Ørsta/Volda. Framleis gjer båten eit godt bidrag for opplæring av neste generasjon sjøfolk gjennom at båten er eksamineringstad for fagprøvar for matrosar. I tillegg har Stiftinga Hindholmen utarbeida eit opplæringshefte kalla "Den kulturelle sjømannssekken".

Venneforreininga, Hindholmens Venner, er open for alle, og interesserte kan gjerne ta kontakt for å vere med i forreininga enten ved å ta turen ombord.

Med turen til Oslo og deltakinga i grunnlovskonvoien ønskjer Stiftinga Hindholmen å gjere sitt bidrag til å vise at båten, det er Norges nasjonsbyggjar.