Ein veit aldri når ein hjartestans oppstår, men å vite at det er ein hjartestartar i nærleiken gir betre tryggleik. No har også Solsida stadion i Haddal fått utplassert ein hjartestartar.

Det er styret i Haddal IL som har tatt initiativet til å få på plass hjartestartaren og søkte Sparebank 1 Søre Sunnmøre om midlar til innkjøp.

– Vi kom fram til at vi også ville støtte den lokale Røde Kors-foreininga og kjøper difor hjartestartaren gjennom Sørøyane Røde Kors, fortel Einar Nevstad, økonomiansvarleg i Haddal IL.

God søknad

– Dette var ein god søknad å få, seier banksjef Lillian Kleven Breivik ved Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Ho peikar på at Solsida stadion er eit møtepunkt der folk samlast og at det difor er fornuftig å plassere ein hjartestartar der.

Banken har bidratt med ein sum som dekkjer både sjølve hjartestartaren og eit kurs i korleis han best skal brukast.

– Det er ikkje vanskeleg å bruke hjartestartaren, eller defibrillatoren om du vil, forklarer John Birger Våge som er administrativ leiar i Sørøyane Røde Kors.

Han fortel at du vil bli rettleia gjennom heile prosessen ved hjelp av innebygde taleinstruksjonar som fortel deg kva du skal gjere.

– Du kan ikkje gjere feil. Registrerer defibrillatoren til dømes at pasienten likevel har puls, vil det ikkje vere mogleg å gi elektriske støyt, forklare Våge.

Eit kurs i korleis startaren fungerer kan likevel vere nyttig å få med seg, så om nokre veker inviterer idrettslaget trenarar, oppmenn og andre aktuelle brukarar til kurs i samarbeid med Sørøyane Røde Kors.