– Johanna Myklebust, som er gift med Fredrik Steen, arrangerte yogakurs i Ulsteinvik tidlegare. Men no har ho flytta til Oslo og starta opp praksisen der. Ho etterlét seg eit godt nettverk av yogainteresserte. No håpar at eg som instruktør for Furene AS kan gje dei ei verdig kursoppleving når vi byrjer med prøvekurset tysdag 30. oktober, fortel kursinstruktør Linn Urke Osnes frå Ulsteinvik.

Veksande interesse

Linn fortel at interessa på Sunnmøre er veksande. Og at det allereie fins godt etablerte yogakurs i blant anna Ørsta og Ålesund.

Då ho kom til Furene AS, fekk ho kontor vegg i vegg med Fantastiske Osberget i Ulsteinvik, sidan Furene AS har teke over kursverksemda etter Ulstein IT-senter.

Og ho skjøna straks at yogakurset var noko ho ville ta med seg inn i verksemda som eit kurstilbod til alle. Både privatpersonar og verksemder.

– Eg har utdanning innan yoga frå Los Angeles. Deira instruktørar reiser verda rundt og lærer vekk yrket. Det gav meg moglegheit til å ta utdanninga i Oslo, fortel Linn.

Ho legg til at yoga er noko som tener verksemdene i like stor grad som enkeltmenneska.

– I første omgang startar vi kurset for dei som vil vere med og prøve. Men eg ser føre meg å arrangere yogakurs for verksemder, og at eg til dømes kjem til dei – slik at tilsette får prøve det saman. Det er eit godt bidrag til teambuilding, smiler ho.

Ho trur også at yoga i verksemdene bidreg til betre helse blant dei tilsette og betre miljø på arbeidsplassen.

Fleire typar yoga

Linn legg til at det fins to typar yoga. Roleg-yoga og flyt-yoga.

– Roleg-yoga passar for alle uavhengig om dei har vore fysisk aktive eller ikkje. Dette er eit lågterskelkurs – gjerne for dei som har nakke- eller ryggskade. Flyt-yoga er eit meir avansert kurs, kor det krevs betre fysisk form av deltakaren. Men felles for dei to yogatypane er fysiske øvingar kombinert med pust, avspenning og konsentrasjon, informerer ho.

Ho legg til at deltakarane vil finne ei høgtideleg stemning under yogakursa, sidan yoga handlar om å finne roa i seg sjølv og det dei gjer der og då.

– Yoga er noko som fleire kan like. Difor oppmodar eg folk til å prøve. Vi kan tilpasse yogaen for dei ulike deltakarane. Eg gler meg til å byrje, avsluttar Linn.