Yr.no melder om full storm på utsette stader langs kysten, og kan hende full storm på Søre-Sunnmøre. Frå i dag ettermiddag til laurdag formiddag er det venta store nedbørsmengder. Lokalt kan det kome 50-80 mm på 12-18 timar.

På politiloggen blir det meldt om trailervelt på Masdal i Vartdal. Den kraftige vinden bles i dag tidleg hengaren på bilen overende. Ingen vart skadde, og brannvesenet har no fått tilhengaren til sides, slik at det eine køyrefeltet er opna.

I Ålesund slår kraftleidningar mot kvarandre i Hessavegen, og i Skarbøvika blir det meldt om svai i ein stolpe.

Politiet har elles fått melding om lause gjenstandar som pipehattar og båtar i drift.

Det er derfor all grunn til å sikre gjenstandar også på Ytre Søre Sunnmøre.