Det er Ulstein Eigedomsselskap KF som har ansvar for vedlikehald av kommunale bygningar. Frode Volla fortel at dei nett var ferdige med å fjerne teikningane frå tidlegare i vinter. Då han sist laurdag såg at nokon hadde vore ute med ein blå sprayboks på biblioteket, vart han sint og frustrert.

Det er måla på to av veggene på biblioteket. Teikningane på kortsida kan nesten sjå ut som ein kladd, eventuelt at vedkomande ikkje har blitt ferdig med teikninga. På veggen som vender ned mot Bjørndalsvegen er det tre dansande figurar, også desse utført med blå spaymåling.

Også på rådhuset

Også på Ulstein rådhus har det kome opp nye figurar. Volla fortel at dei nyleg har fjerna mannen ved inngangspartiet på rådhuset. No har det kome på veggen som vender mot Kyrkjegata.

– Det er ganske mykje arbeid å få fjerna teikningane, sukkar Volla.

På rådhuset har dei nokre spesielle plater på veggene som gjer det ekstra vanskeleg å få gjort reint. Målinga går ikkje vekk i vask. Teikningane må slipast ned før dei blir måla over. No er det nokre år sidan dei måla biblioteket, så om det blir for stort skilje, må dei til å måle heile veggen. Det seier seg sjølv at det blir ein del arbeid. Volla fortel at å fjerne teikninga på rådhuset tidlegare i vinter kosta om lag 30 000 kroner. Denne gongen vil det fort koste ein 50–60 000 kroner. Dette går utover vedlikehaldsbudsjettet til kommunen. Fellesskapen sine pengar kunne ha vore brukt på andre ting om det ikkje var for desse teikningane dei må fjerne.

Same figurane

Kven som har tagga er uvisst, men det er meldt til politiet. Det er dei same mennene/figurane som går att både i Hareid og Ulsteinvik sentrum. No siste runde er det brukt ein blå sprayboks. No ønskjer Volla å få tips om nokon har sett noko eller veit noko.

– Dette må ta slutt, er den klåre meldinga frå Volla.