Laurdagen var ein stor dag for reiar reiarlaget Rem Offshore frå Fosnavåg, skipsbyggar Kleven frå Ulsteinvik og partileiar i Høgre og gudmor Erna Solberg. Med fleire hundre gjestar på gjestelista segla dei frå Hareid godsterminal med framkomst i Geirangerfjorden klokka 15. Dei segla inn for storstilt dåp og dåpsfest med middag på Union Hotell Geiranger.

Folkefest

Den om lag fire timar lange seglinga frå Hareid til Geirangerfjorden hadde mykje godt på menyen.

Bak på dekk var det i tradisjonen tru sett opp stort telt med dekka langbord og levande musikk. Det varierer kven som får syngje til maten. Denne gongen var det Suløens Jazz-ensemble frå Sula utanfor Ålesund.

– Dette er kjempekjekt. Det er alltid like koseleg og kjekt å få vera med på slike turar. Vi kjenner oss ikkje som innleigde musikantar, men som gjestar, fortel dei mange bandmedlemmene i Suløens Jazz-ensemble til Vikebladet Vestposten.

Jazzbandet kjenner seg i eitt med naturen. Spesielt når dei blir invitert med på dåp til Geiranger.

– Det er nydeleg å få spele musikken vår i slike fantastiske dimensjonar. Blant hyggjelege menneske og storslegen natur. Det er sjuande eller åttande gang vi er med, strålar dei.

På første forsøk

Under dåpen av Olympic Taurus i Oslo 24. november gjorde Erna jobben. Det gjorde ho i dag også, då flaska vart knust i skipssida på Rem Installer på første forsøk.

Administrerande direktør Ståle Rasmussen heldt tale om bord. I tradisjonen tru takka han både gudmor, tilsette, reiarlag og andre samarbeidspartnarar. Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, kan direkte frå Geirangerfjorden formidle at dåpen av Rem Installer vart ein suksess for alle.

Foto: Joar Ødegård
Ytre Suløens Jass-ensemble om bord i Rem Installer. Foto: Joar Ødegård
Administrerande direkør i Kleven, Ståle Rasmussen, gudmor Erna Solberg og administrerande direktør i Rem Offshore, Åge Remøy på Hareid før avreise. Foto: Joar Ødegård
Rem Installer ved kai på Hareid før avreise til Geiranger Foto: Joar Ødegård