På starten av møtet melde representanten frå Folkelista frå om at ho ville ha ordet og vise fram noko. Ordførar Anders Riise (Høgre) lovde at det skulle ho få.

Etter alle dei politiske sakene var behandla og dei var ferdige med spørsmål og orienteringar, fekk Alme ordet. Då drog ho fram ein stor stein frå ein plastpose og fortalde at den steinen hadde ein geolog pirka ned frå tunnelveggen då det var synfaring i Engeskardtunnelen sist torsdag.

– Dette køyrer me gjennom kvar dag. Ungane våre syklar gjennom tunnelen. Det er snakk om å byggje nytt hyttefelt, sa Alme og ville vite når det blir gjort noko. Det er ein prekær situasjon, det er viktig at noko blir gjort. Og det snarleg. – Sånn kan me ikkje ha det, slo ho fast.

Støtte i formannskapet

Ho fekk støtte av dei andre i formannskapet om at sånn kan ein ikkje ha det. Ein veit ikkje når det kan rause ned nye steinar, og folk kan bli trefte.

Kan starta opp til sommaren

Ordføraren ville vite om dei vurderer byggje ny tunnel ein annan stad. Til det svara kommunalsjef Kai-Rune Bjørke at det vurderer dei ikkje. Dei lagar kalkylar på tre ulike løysingar for å utbetre tunnelen.

Han varsla at om formannskapet prioriterer å løyve pengar til dette kan dei truleg starte opp arbeidet alt i juni.

Stengje tunnelen?

Oskar Grimstad (Framstegspartiet) sa at om noko slikt hadde skjedd i ein tunnel på Austlandet hadde han blitt stengt. Han lurte på kva geologen meinte. Er det trygt å ferdast der i det heile?

Bjørke var ikkje på synfaringa, men han hadde ikkje høyrd noko om at tunnelen må stengast.

– Tunnelen må sikrast

Alme var klar på at tunnelen må sikrast. Dei må finne nokre tiltak som kan gjennomførast så raskt som råd, anten det er netting eller noko anna.

Ho har forstått det som at rapporten kjem om eit par veker. Til det sa Annika Brandal (Venstre) at uansett kva rapporten seier, så såg dei her synlege prov på at noko må gjerast.

Grimstad meiner at kommunen må ta ein telefon til geologen og høyre med han om tunnelen må stengast eller korleis han må sikrast. Dette kan dei ikkje vente på.