President i Norges Livredningsselskap, Gard A. Bjørnstad, åtvarar mot Facebook-farsott som herjar i Noreg.

– Eg tek ikkje utfordringa. Dette er galskap, seier president Gard A. Bjørnstad i Norges Livredningsselskap. Han ber ber folk vere forsiktig når dei blir utfordra på Facebook til å hoppe i havet.

I heile helga har det rast ein Facebook-farsott som oppfordrar folk til å hoppe i havet innan 24 timar, og sende utfordringa til neste person.

Farsott i Noreg

Bjørnstad ønskjer ikkje å bremse folks ønskje om å bade på våren, men kjem samstundes med ei åtvaring.

– Vi synst det er fint at folk sym og nyt vatnet. Men uerfarne bør ikkje la seg rive med av ein farsott, seier presidenten i Norges Livredningsselskap.

Han ber folk vere spesielt forsiktig når det er iskaldt og man kjenner seg pressa til å bade i vatn som kanskje har temperaturar på 5-10 gradar.

– Du kan oppleve hypotermi og hjarteinfarkt ved å bade i isvatn, seier Bjørnstad.

Hypotermi er nedkjøling når kjernetemperatur går under 35 gradar hos menneske.

Drukna

Nyleg drukna ei kvinne i 50-åra i Hadsel i Nordland.

Avisa Nordland skriv at politiet ikkje utelukkar samanheng med Facebook-trenden.

– Dette viser kor alvorleg dette kan vere. Eg oppfordrar alle til å ta sine forhandsreglar, seier Bjørnstad.

Norges Livredningsselskap oppfordrar alle til å følgje badevettreglane.

Badevettreglane:

1. Lær å symje.

2. Før du går uti vatnet, forsikre deg om at du kan kome deg opp igjen.

3. Bad helst saman med andre.

4. Stup berre der det er djupt.

5. Sym langs land.

6. Sym ikkje under brygger eller foran stupebrett.

7. Dytt ikkje andre i vatnet, og dukk aldri nokon under vatn.

8. Hald deg på land viss du kjenner deg kald eller uvel.

9. Rop på hjelp berre viss du er i fare – aldri elles.