Dette er nok noko skatemiljøet i Ulstein Skateklubb har gleda seg lenge til. Ei stor løftekran og fem mann frå selskapet Scansis, jobba tysdag med å få på plass dei ulike elementa, nett som eit puslespel. Dei 11 blokkene av armert betong veg til saman 43 tonn, og kom til Vikholmen på lasteplanet til to semitralierar.

- Elementa er handstøpte i Tyskland, og frakta til Ulsteinvik kort tid etter dei blei laga. Dette er solide saker, og blir ikkje øydelagde med det første, fortel Terje Trolid, som er arbeidsleiar for Scansis-gjengen.

Skateparken er kostnadsrekna til rundt 300.000 kroner, der halvparten blir dekt med tippemidlar. Resten har Ulstein Skateklubb fått frå sponsorane Ulstein Sanitetsforeining, Jets Vacuum, Sparebanken Møre, Ulstein Group, Tussa, Studio Hugo Opdal, Snikkar Asle Karsten Mork, Match, Rørservice Ulsteinvik AS, HTH Kjøkkenforum Ålesund, Island Offshore og Mare Safety. Til tippemidlane er på plass vil Ulstein kommune dekke kostnadane.