Med «her» meiner han Møre bispedøme. – Her i Møre har vi ein veldig tydeleg biskop – Ingeborg Midttømme – og prestar som er veldig lojale overfor henne, seier Husøy.

– Ikkje grunnlag for «frislepp»

Når Husøy tek ordet «kaotisk» i munnen, er det på bakgrunn av utsegner frå enkelte biskopar, som vil gi prestane sine frislepp når det gjeld «homofile ekteskap».

– Men det er det ikkje grunnlag for i vedtaket, slår han fast.

Kom i komiteen for ekteskapsliturgi

Eldar Husøy og Lisbet Hovlid Aurdal frå Sykkylven var dei einaste sunnmøringane mellom dei 116 utsendingane på Kyrkjemøtet. Då Kyrkjemøtet vart delt inn i komitear fekk Eldar plass i den komiteen som hadde med ekteskapsliturgi å gjere. Dei var 19 røysteføre.

At Eldar profilerte seg så klart på dette området var eit viktig premiss for at han vart innvald i bispedømerådet.

Fleirtalet i komiteen avviste vigsel av samkjønna par i kyrkja, noko også fleirtalet i Kyrkjemøtet gjorde.

To forslag om ein forbønsliturgi for homofile par vart også avvist.

Men 37 delegatar signerte ein protokoll der dei slo fast at det no var to tydelege syn i kyrkja og at ein håpte at biskopane tok grep som muleggjorde  praktisering av to ulike syn.

– Er det verdt det?

Når Kyrkjemøtet enda opp med å avvise både vigsling og å lage forbønsliturgi for samkjønna par i kyrkja, så vil dette vere situasjonen fram til nytt Kyrkjemøte i 2016. Det er val på nye bispedømeråd i 2015 – og på begge sider har dei varsla at dei vil aksjonere for å få på plass «sine folk».

– Eg fryktar at dette blir den einaste saka som tel ved neste val. Det blir ein tøff kamp, og eg spør meg: Er det verdt det? spør Eldar og fortel at resultatet på Kyrkjemøtet slett ikkje vekte nokon jubel hos dei som «vann», fordi resultatet også synleggjorde at så mange menneske syntest at utfallet var vondt.

Kan halde forbøn

Ordninga i dag er at prestar skal kunne be for homofile. Men det skal ikkje vere i vigselsliknande former – og det skal ikkje vere nokon liturgi. Ein kan kome til presten  og be om forbøn. Men ingen kan dikter ein prest til å velsigne samlivet.

– Men det er likevel slik i dag at ein enkelte stader, t.d. i Frogner kyrkje i Oslo, har gjennomført vigselsliknande tilfelle, med «full musikk». – Fleire prestar har trekt denne opninga til det ytterste.

– Eintydig om ekteskapet

– Korleis grunngir du ekteskapssynet ditt?

– Bibelen er veldig eintydig om ekteskapet. Alt i 1. Mosebok står det at «til mann og kvinne skapte han dei». Polariteten mellom kjønna er fastsett. Jesus følgjer opp dette i Matteus 19 i ein situasjon som rett nok handlar om skilsmisse. Men utgangspunktet er at Gud skapte mann og kvinne. Synet på ekteskapet har stått fast i over  to tusen år. Sjølv om fleire framståande teologar no meiner at vi må følgje staten sin ekteskapsdefinisjon, så står den store majoriteten av dei kristne kyrkjene i verda fast på at ekteskapet er mellom mann og kvinne.

– Kva trur du hadde skjedd dersom forslaget om vigselsliturgi for homofile vart vedteke?

– Avisa Fædrelandsvennen gjorde ei undersøking i Agder og Telemark om dette. Dei gjekk ut og spurde korleis folk ville reagere dersom vigsling av samkjønna par vart innført i kyrkja. 10.000 berre i Agder og Telemark sa at dei ville trekke seg ut av kyrkja.

Om homofile som har valt å leve åleine

Til slutt minner Eldar Husøy om alle dei homofile som har valt å leve eit liv åleine.

– Denne gruppa er mykje større enn den gruppa som vil gifte seg. Og dei vil få det frykteleg vanskeleg dersom kyrkja seier ja til å vigsle samkjønna par.