Sju av dei 60 dagane kjem til frådrag frå perioden sjåføren sat i varetekt.

Dommen vart avsagt i Søre Sunnmøre tingrett måndag 13. mars.

Forlet mannen hjelpelaus

Ulykka skjedde 12. desember i fjor ved Røyrasundet. Den dømde mannen var sjåfør på ein varetransport då han køyrde på ein 26 år gammal mann frå Herøy, og forlét han i hjelpelaus tilstand.

Sjåføren stakk av frå staden, og vart etterlyst av politiet. Dagen etter vart lastebilen funnen i Nordfjord. Han hevda først at han hadde køyrt på ein hjort, men tilstod seinare forholdet.

Mannen er også dømd til tap av førarretten for alltid, med ei minstetid på fire år.