Mange har engasjert seg i saka om kvinna som før ei gudsteneste i Ulstein sette seg ned i trappa for å selje blad til dei som skulle inn i kyrkja. Kommentarane har vore svært mange på facebook, og mange meiner kvinna er ved sin fulle rett til dette. Ei av dei som har ytra seg på facebook er Dagny Vartdal, som driv Bellis Blomster & Byrå i Ulstein og Hareid.

Ho skriv at det var ein litt trasig situasjon utanfor Ulstein kyrkje for ei tid tilbake. Då dei sørgjande kom berande ut frå kyrkja med kista, og hadde fått plassert kista i bårebilen, begynte kvinna å gå rundt for å sellje blad.

Dagny Vartdal seier til vikebladet.no at ho ikkje tek stilling til om kvinna skal få lov til å selje blad i kyrkjetrappa. Og ho ser ikkje noko gale i at folk går rundt på gatene for å selje blad. Dei gjer det truleg for å kunne overleve, og dei skal behandlast med respekt.

Skilnad på kjøpesenter og gravferd

- Men etter mi meining er det skilnad på å selje blad utanfor eit kjøpesenter og i eit gravfølgje. Der blir ei etisk grense kryssa.

Vartdal fortel at kvinna gjekk inn blant dei sørgjande som stod rundt bårebilen. Ingen sa noko, truleg fordi dei vart så forfjamsa over episoden.

- Folk som nettopp har mist nokon, og skal følgje eit menneske dei er glad i til den siste kvilestaden, bør få sleppe slike episodar, seier Vartdal.

Ho fortel at ho etter å ha fått summa seg gjekk bort til kvinna og sa at ho måtte gå der i frå, og at kvinna etterkom denne oppmodinga.

Det høyrer med til historia at ein av dei pårørande i gravfølgjet takka Dagny Vartdal på facebook for at ho hadde løfta fram episoden.

Les også: På kyrkjetrappa