Fylkesrådmannen går inn for at fylkeskommunen skal løyve knapt tre millionar kroner til utearealet ved Ulstein Arena.

I si vurdering skriv Ottar Brage Guttelvik at Ulstein Arena er eit godt gjennomarbeidd prosjekt, og vil påverke bustadbygging, oppvekst, integrering, identitet og kunnskapsutvikling. Vidare heiter det at anlegget vil vere ein attraksjon som trekkjer til seg folk, og det difor er viktig å ha eit uteareal der alle kan ferdast trygt mellom ulike aktivitetar.

Ifølgje dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Rune Urke, har Ulsmo sagt at dei kan bidra med tre millionar kroner og kommunen like mykje.

Fylkesrådmannen skriv også at det frå fylkeskommunen si side er viktig å få opp nokre «fyrtårn» som viser andre kommunar kva som er mogleg å få til av stadsutvikling, og at dette kan ha smitteeffekt. Ulstein er eit slikt fyrtårn, står det i saksutgreiinga.

Saka skal behandlast i Regional- og næringsutvalet 5. desember.

Les meir om Ulstein Arena på side 8,9,10 og 11