Med knappast mogleg fleirtal gjekk Fylkesutvalet onsdag ettermiddag inn for at ein felles distriktstannklinikk for Hareid og Ulstein bør ligge i Ulsteinvik.

I mars gjekk kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal inn for at distriktstannklinikken bør lokaliserast i Hareid. I forkant av handsaminga i Fylkesutvalet var også dette til rådinga frå Fylkesrådmannen.

Saka skal opptil endeleg handsaming i Fylkestinget som vert halde i Ålesund 23. - 24. april.

- Sjølv om det var eit knapt fleirtal, sju mot seks stemmer, er eg naturlegvis letta over tilrådinga frå Fylkesutvalet, seier ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.

Engh, som var tilstades under Fylkesutvalet sitt møte i Molde i dag, fortel at det vart lagt vekt på at fleirtalet av pasientane skal ha kortast mogleg reisetid til klinikken. Det vart også peikt på Ulsteinvik sin posisjon som delregionssenter.

- Ingen gode argument

- Vel, dette var eit steg på vegen, seier hareidsordførar Anders Riise som ikkje tykkjer at argumenta for å legge distriktstannklinikken i Ulsteinvik er særleg gode.

- Det er ikkje snakk om så veldig lang ekstra reisetid, berre ti minutt. Samstundes er Hareid eit trafikknutepunkt med enkelt tilkomst frå Ålesund, noko som kan opne for rekruttering frå eit større område. Ved å lokalisere distriktstannklinikken på det planlagde helsehuset, vil vi også skape ein større fagleg fellesskap, seier Riise. Byggjestart for helsehuset vert etter planen i november og målet er at huset skal stå ferdig på seinhausten neste år.