– Eg hadde ein ganske ok barndom, eg vil seie at familien min var ein del av middelklassa i Irak, fortel Karrar Al-Azzawi.

Han vart fødd i Bagdad i 1994 og har tre yngre søsken. Faren var snikkar, mora heimeverande.

– Eg likte meg veldig godt på skulen og eg var sterk fagleg, seier han.

Men noko skjedde. Noko som gjorde at han valde å flykte frå heimlandet. I dag bur han på asylmottaket i Ulsteinvik saman med systera på fjorten. Dei ventar på svar på søknaden om opphald i Noreg.

– Det har skjedd veldig mykje i livet mitt, så eg veit knapt kvar eg skal starte, seier han. Etter snart eitt år i Noreg har han snappa opp også mange norske ord, men førebels ikkje nok til å svare på spørsmål frå lokalavisa.

BAGDAD:

– Dei beste åra mine var nok dei første åra av barndomen. Men då eg var tretten, vart eg kidnappa av det eg vil kalle mafia. Foreldra mine måtte betale løysepengar, og etter det flytta vi til Syria. Etter ei stund flytta vi heim til Bagdad, fortel han.

Karrar fortel at han var sunnimuslim, slik som mora. Ho lærte han å vere eit godt menneske og gjere gode gjerningar.

– Men eg stilte mange spørsmål. Rundt meg såg eg menneske verte drepne av ulike islamske grupper. Då starta eg å lese om islam. Eg tenkte: Vi trur på den same guden, vi har den same religionen, men dette kjenner eg meg ikkje igjen i, fortel han.

Gjennom å lese, snakke med andre og lytte til imamar, prøvde han å finne svar.

– Det tok kanskje to år. Då tok eg valet om å vere ateist, å leve eit liv utan religion. Og så starta eg å snakke med andre, for å få dei til å tenkje sjølv. Det er den einaste måten å få til endringar på i Irak, trur eg, at folk sluttar å vere følgjarar og heller tek sjølvstendige standpunkt.

Korleis gjekk du fram for å påverke andre, eg reknar med at det ikkje var mogleg å gjere dette i det offentlege rom..?

– Nei, vi kunne ikkje snakke offentleg om dette. Saman med ein god ven, som også var søkande, nærma vi oss andre med varsemd. Vi fekk fram diskusjonar, bad folk tenkje og reflektere. Diverre er det slik i Irak at det er dei færraste som tenkjer sjølvstendig, fortel 23-åringen.

Karrar fortel at det difor ikkje var uventa då den første trugselen kom. Han fekk eit brev på døra. I konvolutten låg det kuler og i brevet stod det at han måtte forlate området, elles kom han til å verte drepen.

– Då flytta eg til ein annan kant av Bagdad. Venen min og eg diskuterte om vi skulle halde fram eller gje opp å prøve å få endringar i landet. Vi kom fram til at vi skulle halde fram, men at vi måtte vere endå meir forsiktige. Det er rart med det, det er vanskeleg å stoppe når du kvar dag ser menneske verte drepne, eg følte at eg måtte gjere noko, seier han.

Dei fekk etter kvart veldig mange med seg. Han anslår at det til slutt var rundt ein million menneske som støtta ønsket om endring i landet. Og i 2014 var han ein av arrangørane for ein stor demonstrasjon i Bagdad mot den sitjande regjeringa. Men dei vart ikkje høyrde.

– Mot slutten av 2015 fekk eg nye trugslar. Då oppsøkte dei huset til bestemora mi og spurde henne kvar eg var. Onkelen min, som også var i huset, sa at han ikkje visste, at han ikkje hadde kontakt med meg. Eg følte at eg var i livsfare, så då bestemte eg meg for å flykte frå Irak.

PÅ FLUKT:

15. februar 2016 forlèt han Bagdad. Første stopp var Nord-Irak.

– Det er eit kurdisk område, og sidan eg er arabar, kunne eg ikkje reise fritt der. Difor vart eg smugla til ein by nær grensa til Tyrkia. Det skjedde ein del der, men eg har ikkje lyst til å fortelje så mykje, fortel Karrar. Ferda gjekk over gensa til Tyrkia, gjennom nesten eit døgn med vandring i svært ulendt fjellterreng.

Frå Tyrkia reiste han vidare med båt til Lesvos i Hellas. Der budde han i to ulike flyktningleirar. Og der knipsa han mange bilde. Nokre av dei skal stillast ut på Ulstein Bibliotek frå i dag.

– Etter rundt eit år i Hellas, vart eg plukka ut av EU sitt flyktningprogram til å få reise til Noreg. Eg visste fint lite om landet, ikkje anna enn det er kaldt klima og at det ligg nært Sverige, ler han.

ULSTEINVIK:

Første stopp i Noreg var Oslo i slutten av mars i fjor. Så vart han og systera sende til Ulsteinvik.

– Å vere her har både sine negative og positive sider. Negativt fordi det er slitsamt å vente på svar på opphaldssøknaden, positivt fordi eg likar landet og folket her.

Viss du får vere i Noreg, kva er planen din då?

– Eg vil veldig gjerne ta ei utdanning. Eg har alltid drøymt om å verte ingeniør, så kanskje det? Foto og filming vil alltid vere meir enn ein hobby, men kanskje ikkje ein yrkesveg, seier Karrar, før han legg til:

– Eg håper at eg ein dag kan gje noko tilbake til Noreg, sidan eg no lever av offentleg støtte.

Karrar var med og arrangere ein stor demonstrasjon mot regjeringa i Bagdad i 2014. Foto: Privat.
På grensa mellom Irak og Tyrkia. – Vi måtte gå i nesten eitt døgn i tøft terreng, fortel Karrar. Foto: Privat.
Frå Tyrkia gjekk flukta i båt til Hellas. I Hellas budde han i to flyktningleirar. Foto: Privat.
Bilde han tok i Hellas skal stillast ut i biblioteket i Ulsteinvik. Utstillinga opnar i dag, laurdag. Foto: Linda Eikrem.