Søppel i havet er ei aukande miljøutfordring. No inviterer Fiskebåt, organisasjonen til havfiskeflåten, frivillige organisasjonar til ryddedugnad langs kysten.

Fiskebåt har saman med Norges Råfisklag sett av 50.000 kroner til frivillige organisasjonar som vil vere med å rydde søppel langs kysten. Pengane blir fordelte på ti forskjellige lag eller organisasjonar som vil vere med å gjere ein innsats for miljøet, heiter det i ei pressemelding frå Fiskebåt.

– Forureining av havet er eit aukande problem. Heldigvis ser vi at det òg er aukande engasjement for å gjere noko med det. Vi vil derfor støtte ideelle lag og organisasjonar som har lyst å gjere ein liten innsats i nærmiljøet sitt, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Han er oppteken av at dette skal vere eit framtidsretta tiltak.

– Vi er opptekne av å drive berekraftig hausting av fiskeressursane. Det er livet i havet vi skal leve av framover. Derfor er det viktig å støtte opp om tiltak som kan redusere søppelet i havet, seier informasjonsleiar Dahle.

Informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, håpar mange har lyst til å delta i ryddedugnaden. Foto: Fiskebåt