Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland har no innleia dagens vitjing på Kleven Verft.

Dei to er ute på ei rundreise på Sunnmøre for å få eit innblikk i både den maritime og og marine delen av næringslivet.

Omvising på Kleven

Første post på programmet i dag er altså vitjinga på Kleven Verft. Der fhar dei fått omvisning i produksjonen, dei har møtt elevar frå tekniske og allmenn fag (TAF-linja) ved Ulstein vidaregåande skule, og dei får også sjå på robotisert produksjon.

Møte med næringsliv og kunnskapsmiljøet

Deretter skal dei ha eit lyttemøte med lokale representantar for næringsliv, styremakter og kunnskapsmiljøet i regionen. Temaet for møtet er suksessfaktorar og utfordringar for den maritime industriklynga på Sunnmøre.

Om bord i "Hopen" på Hareid

Når vitjinga på Kleven Verft er over, skal statsministeren og næringsministeren køyrast til Hareid der dei skal gå om bord i den kombinerte torske- og reketrålaren "Hopen". Båten går frå terminalkaia på Hareid til Ålesund. Undervegs får statsministeren og statsråden ei orientering om situasjonen for havfiskenæringa, ei av dei største i Møre og Romsdal.

Komne til Ålesund skal statsministeren og næringsministeren til Omega-3-produsenten Epax for omvisning og møte med leiarane for den biomarine klynga Legasea.

Til psykiatrisk akutt-team

Statsministeren avsluttar dagen på Sunnmøre med eit besøk på psykiatrisk akutt-team på Åse sjukehus. Statsministeren skal møte fagfolk, pasientar og pårørande for å høyre om erfaringane med aktutt-team som rykkjer ut.

Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland saman med Kjersti Kleven. Foto: Ingvild Aursøy Måseide