– Lions starta eit prosjekt nede i Uganda saman med Norad for mange, mange år sidan. Det er eitt av dei mest vellukka prosjekta vi har vore med på, og det er no teke over at lokale personar, som held fram. Det handlar om å gje folk tilgang til reint vatn, skule og augebehandling. Men dei har ikkje så mykje midlar til dette sjølve, fortel Einar Aasen, president i Ulstein-Hareid Lionsklubb.

No får Lions hjelp frå Hareid IL Fotball til å samle inn pengar til prosjektet, og fotballklubben som i fjor samla inn pengar til Leger utan grenser, skal no gje inntektene frå dei to siste seriekampane til prosjektet «Spice of Life».

Byggjer brønnar

Så medan 4.-divisjonslaget kjempar for å betre heimestatistikken ute på bana blir det mogleg for publikum å bidra til ei god sak.

– Noko av det viktigaste er dette med at dei får tilgang til reint vatn, slik at koner og ungar skal kunne bruke dagane til andre ting enn å hente vatn. Når deler av befolkninga brukar størsteparten av dagane sine på å hente vatn, så hindrar det vidare utvikling, fortel Aasen.

– Vårt fokus har vore at vi peilar oss inn på ein kamp, i år blir det dei to siste heimekampane, som vi brukar til slike velgjerdskampar. No er dette også ein del av vårt samarbeid med Lions gjennom Mitt Val, fortel dagleg leiar Anita Waage i Hareid IL Fotball.

Ho fortel at dette blir tredje året fotballgruppa arrangerer slike innsamlingar.

– Det er fantastisk at klubben støttar slike gode saker. Kanskje det ein får inn gjennom desse kampane er nok til at ein kan kome i mål med finansieringa av til dømes ein brønn der nede, seier Aasen.

Kampane det gjeld er Emblem 8. oktober og Larsnes/Gursken 24. oktober.

– Då håpar vi på at det blir skikkeleg vêr og at mange finn vegen til stadion, slår Waage og Aasen fast.